Person / Aktør:
Barne- og familiedepartementet (Norge)
Barne- og familiedepartementet (Norge)

Innlegg:
I dag legg Regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett. Regjeringa styrkjer innsatsen for å redusere negative konsekvensar av koronapandemien for sårbare grupper. ❤️ Den eine tiltakspakka, på 260 millionar kroner, skal mellom anna bidra til å: - Auke deltakinga og inkluderinga i ferie- og fritidsaktivitetar, inkludert sommarferietilbod for barn og unge og aktivitetstilbod for barn i mottak. - Styrkje satsinga på velferdsteknologi blant barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetjingar. - Styrkje dei private og statlege barnevernsinstitusjonane som følgje av pandemien. - Styrkje kapasiteten til familievernet og stiftinga Alternativ til Vold. - Gje valdsutsette og valdsutøvararar eit betre tilbod om oppfølging, og styrkje det førebyggjande arbeidet mot vald og overgrep, inkludert innsatsen til politiet mot internettrelaterte overgrep. #RNB #revidertnasjonalbudsjett Les meir 👇🏻

Emneknagger:

Postet:
2021-05-11 10:52:27

Delt innhold:
Tiltakspakker for sårbare grupper
Regjeringa styrkjer innsatsen for å redusere negative konsekvensar av koronapandemien for sårbare grupper – og føreslår no tre tiltakspakker på nærare 830 millionar kroner.