Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
Eg har ein litt spesiell valkamptradisjon: Å melde meg på ein maraton. \n\nDet kan jo virke som rein sjølvplaging. Når ein først skal jobbe og stresse 24 timar i døgnet i månadsvis for å vinne eit val, kvifor legge ytterlegare stein på børa med å legge opp til eit tøft treningsprogram i tillegg? \n\nJo, fordi viss ikkje så blir det ikkje gjort. Eg er ikkje så veldig glad i å trene. Det er slitsamt, det er keisamt, og ikkje minst: Det tar tid. Og eg veit med meg sjølv at i tøffe jobbperiodar er trening det første som blir nedprioritert.\n\nSamstundes veit eg med meg sjølv at eg jo faktisk får meir overskot av å trene. Og at særleg i periodar der eg søv lite, et usunt og jobbar mykje, er det ekstra viktig å skjerpe seg.\n\nSå då har løysinga blitt å melde seg på eit maratonløp. Kvifor så langt? Jo, fordi det ikkje er noko eg berre kan ta på sparket. Om eg ikkje trenar så vil eg ikkje berre få ei dårleg tid - eg vil ikkje klare å fullføre.\n\nSå i helga sprang eg #oslomaraton . Målet var å springe under fire timar. Sluttresultatet vart 4:00:53. Det var for så vidt sure 53 sekund. Men det er i grunn ikkje det viktigaste. Eg kom i mål, eg fullførte, og ikkje minst: Eg fekk trent bra dei siste par månadane. Og det var jo heile poenget.

Emneknagger:

Postet:
2023-09-18 14:55:24