Beta
Søket ga 162 treff.
Terje Breivik
2019-08-23 17:49:42

På besøk hjå CHC Helikopter Service AS i Florø saman med ordførarkandidaten til Kinn Venstre, Jacob Nødseth. Ein imponerande gjeng som gong etter gong reddar liv og forulykka menneske i dei mest dramatiske situasjonar, på dei mest utilgjengelege stadar, og nesten uansett ver og føre.

Terje Breivik
2019-08-22 19:52:27

Ein liten tankevekkjar for alle som vurderar å røysta Sp? Spør heller kva eit parti gjer og har gjort i posisjon enn kva me retorisk skapar inntrykk av som opposisjonsparti: https://www.nrk.no/nordland/bolgvaering-og-senterpartist-er-skuffet-over-eget-parti-etter-kutt-i-battilbudet-i-distriktene-1.14669494

Terje Breivik
2019-08-20 19:31:23

Takk til Stord Venstre og ordførarkandidat Geir Angeltveit for ein framifrå morgon og føremiddag på Stord.

Terje Breivik
2019-08-17 07:53:28

Valkampen og førehandsrøystinga er i gang. Kvifor bør du røysta Venstre? Venstre er det einaste sosialliberale partiet i Norge. Me tuftar all politikk på eit menneskesyn som tilseier at dei du viser tillit tek ansvar, for seg sjølv og andre. Difor vil flytting og spreiing av makt, ressursar og arbeidsplassar så nær den enkelte borgar og styrking av kommunane alltid vera viktig for Venstre. Toleranse, mangfald, internasjonal solidaritet, fellesskap og fridom er sentrale verdiar i sosialliberalismen. Skal fridomen vera reell for alle, må ein vera fri frå fattigdom, nød og ulikskap. Difor vil Venstre alltid hegna om tidleg innsats, ein...

Terje Breivik
2019-08-16 11:30:45

Takk til Vanylven kommune og Ordførar Lena Landsverk Sande, Vanylven kommune for jobben dei gjer for menneske som er i ein sårbar og vanskeleg situasjon. Det var svært inspirerande å læra meir dei ulike tilboda og prosjekta dei har sett i gang.

Terje Breivik
2019-08-15 14:11:36

På ferja Koparnes - Årvik på veg frå Vannylven til Ullstein og Hareid. Pål Farstad og Britt Giske Andersen nyttar høvet til telefonering og lett avslapping på dekket.

Terje Breivik
2019-08-15 11:06:07

Slik ser det ut inne og ute på dagens første Widerøe-fly; Oslo - Hovden. Nydeleg ver i vest. Perfekt ramme for valkampturne saman med Møre og Romsdal Venstre sin fylkesordførarkandidat Pål Farstad og 2. kandidat, Britt Giske Andersen. Første stopp er Ivar Aasen-tunet i lag med Ørsta og Volda Venstre. Så går turen vidare til V-ordførar Lena M. Landsverk Sande i Vannylven. Neste stopp vert ordførarkandidat @pål grødal og Ulstein Venstre. Så avsluttar me dagen i Hareid med ordførarkandidat Annika Brandal og Hareid Venstre.

Terje Breivik
2019-08-15 08:02:48

Takk til Tromsø Venstre for ein svært interessant og gjevande dag. Tilbakemeldinga frå næringslivet var klokkeklart: Behovet for skinnegåande transport er stort, både klima- og kapasitetsmessig.

Terje Breivik
2019-08-14 09:48:02

Ny dag, nytt Widerøe - fly. I dag på besøk til Tromsø Venstre med #nordnorgebanen som sentralt tema.

Terje Breivik
2019-08-13 21:46:46

Grovfjord Mekaniske Verksted er ei imponerande verksemd, med verdsleiande innovasjon og løysingar. Grøn vekst i praksis. #grønnturne

Terje Breivik
2019-08-13 08:07:58

Takk til NHO Nordland for framifrå møte med viktige samfunns- og næringsaktørar i Bodø og Nordland. Det er liten tvil om at førstekandidatane til Bodø Venstre og Nordland Venstre, Ida Gudding Johnsen - Venstre og Arne Ivar Mikalsen, stiller til val i ein kommune og fylke som struttar av pågangsmot og spennande moglegheiter.

Terje Breivik
2019-08-10 12:35:28

Her skriv Dagens Næringsliv om eit viktig problem: Dei høge tersklane Norge har for å rekruttera kompentent arbeidskraft som bur utanfor EØS - området til norske verksemder. Venstre vil at ein i større grad må vektleggja reell kompetanse, og at ein tek meir omsyn til verksemdene sine behov og vurderingar. Så er det sjølvsagt ei utfordring å gjera det på ein måte som ikkje opnar for misbruk. Det får me til når viljen er der. Alternativet er at ikkje berre kvar enkelt verksemd må flytta ut, men og at Norge vert unødvendig lite attraktivt for viktig arbeidskraft og kompetanse. https://www.dn.no/politikk/utlendingsdirektoratet/innvandring/it/superprogrammerer-fullforte-ikke-bachelor-far-ikke-jobbe-i-norge/2-1-650113

Terje Breivik
2019-08-09 17:34:07

På bedriftsbesøk på Brakanes Hotel saman med ordførarkandidat for Venstre i Ulvik, Reidar Meel. Her saman med hotelldirektør Ingrid Prestegard. Kjekt å høyra at hotellet med ei av dei vakraste plasseringane og utsiktene «world wide» er i kontinuerleg utvikling og svært framtisoptimistiske. Me fekk og klar tilbakemeldinga på at samferdsle (les rassikre og heilprsopne vegar) er avgjerande for eit distriktshotell som Brakanes. Ei bestillng me sjølvsagt skal følgja opp så godt me kan. Etterpå gjekk turen vidare til Coop Marked og Syse Gard. To andre, viktige verksemder i Ulvik, Norway.

Terje Breivik
2019-08-03 15:08:20

På stand med flotte, engasjerte Venstre - folk frå Vestland Venstre, Haugesund Venstre, Bømlo Venstre og Etne Venstre på Etnemarknaden. Eit imponerande arrangement både i kvalitet og omfang! Dei samla og stappfull kinosal i det flotte kulturhuset til (riks-)politisk debatt ein varm, solrik fredagskveld. Kjekt og inspirerande på alle vis, og viser kva som finst av kvalitetar, ressursar og vilje til å stilla opp for fellesskapet i eit lokalsamfunn som Etne.

Terje Breivik
2019-07-31 10:31:07
Bergen Venstre

TAKK, BERGEN! 😍 Dere er aller best! Venstre får 6,4% i dagens BA-måling 👏 Bli med på laget som skal gjøre Bergen grønt og levende, du også: venstre.no/blimed

Terje Breivik
2019-07-25 14:30:13
Du risikerer å bli sittende fast dersom du går i land på «feil» øy

I AN 21. juli leser vi at det er mulig med øyhopping i Væran. Men det står ikke at du risikerer å bli sittende fast…

Terje Breivik
2019-07-18 17:32:19

Kva er dette RYVITA? Eit omvendt grønt skifte? 2 - pakningar i eingongsplast, i mot all fornuft og utvikling? Ein trufast, nesten avhengig kunde, er (vonlegvis) mellombels fråhaldande.

Terje Breivik
2019-07-14 07:56:53
Ekstremsportveko

Årets låt frå Terje Breivik Band ligg no på Spotify🔄

Terje Breivik
2019-06-29 14:37:42

I regjeringserklæringa fekk Venstre gjennomslag for å tilby gratis kjernetid i skulefritidsordninga, og utarbeida ein nasjonal rammeplan for å sikra god kvalitet i alle kommunar. For å mest mogleg kunnskap og innspel om stoda i SFO/ASK før arbeidet med ein rammeplan tek til, har me gjennomført ei besøkskampanje landet rundt. Sjølv besøkte eg SFO på Vangen Skule, Voss, saman med 1. kandidaten til Voss Venstre, Elin Seim. Takk til SFO - leiar Reidun Opheim og resten av personalet for måten dei tok oss i mot og svært nyttige innspel. Takk til ungane for velsmakande fredagstaco - lunsj og mange gode,...

Terje Breivik
2019-06-28 23:00:22
Venstre

I dag oppsummerer vi siste år i regjering på Losæter i Oslo. Vi er på lag med framtida - her er noen av gjennomslagene våre 💚🎉

Laster...
Laster...