Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
Her skriv Dagens Næringsliv om eit viktig problem: Dei høge tersklane Norge har for å rekruttera kompentent arbeidskraft som bur utanfor EØS - området til norske verksemder. Venstre vil at ein i større grad må vektleggja reell kompetanse, og at ein tek meir omsyn til verksemdene sine behov og vurderingar. Så er det sjølvsagt ei utfordring å gjera det på ein måte som ikkje opnar for misbruk. Det får me til når viljen er der. Alternativet er at ikkje berre kvar enkelt verksemd må flytta ut, men og at Norge vert unødvendig lite attraktivt for viktig arbeidskraft og kompetanse. https://www.dn.no/politikk/utlendingsdirektoratet/innvandring/it/superprogrammerer-fullforte-ikke-bachelor-far-ikke-jobbe-i-norge/2-1-650113

Postet:
2019-08-10 12:35:28

Delt innhold:
«Superprogrammerer» fullførte ikke bachelor – får ikke jobbe i Norge
It-seriegründer Daniel R. Døderlein freser over at hans kanadiske programmerer ikke får arbeidstillatelse i Norge.