Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I regjeringserklæringa fekk Venstre gjennomslag for å tilby gratis kjernetid i skulefritidsordninga, og utarbeida ein nasjonal rammeplan for å sikra god kvalitet i alle kommunar. For å mest mogleg kunnskap og innspel om stoda i SFO/ASK før arbeidet med ein rammeplan tek til, har me gjennomført ei besøkskampanje landet rundt. Sjølv besøkte eg SFO på Vangen Skule, Voss, saman med 1. kandidaten til Voss Venstre, Elin Seim. Takk til SFO - leiar Reidun Opheim og resten av personalet for måten dei tok oss i mot og svært nyttige innspel. Takk til ungane for velsmakande fredagstaco - lunsj og mange gode, gjevande samtalar!

Postet:
2019-06-29 14:37:42