Beta
Søket ga 262 treff.

I dag blei grunnrenteskatt på havbruk vedtatt. Prinsippet om grunnrente er rett, og eg er nøgd med løysinga som det i dag blei fleirtal for. Nå må me jobba vidare med løysingar på andre utfordringar.\n\n«Senterpartiet er eit næringsparti, det har aldri vore og er ikkje noko tvil om det. Det er likevel ingen hemmelegheit at dette var krevjande å stå i for oss som bur langs kysten då det blei presentert. Verdiskapinga i dette landet skjer i stor grad langs kysten. Verdiskapinga skjer i mitt lokalsamfunn. Det er mine venner og min familie som jobbar i desse næringane.\n\nDå er det...

Nå er me i siste innspurt med sakar før sommaren ☀️\n\nDet betyr lite reise og mykje tid på Stortinget. Kom gjerne innom for ein kopp kaffi om du skal forbi 🫱🏻‍🫲🏼☕️

Havvindfestival i Haugesund, eller «Homeland of floating wind» som me seier her 🌊\n\nI dag skal eg læra meir om bygningsprosessen, men det viktigaste for meg er skatteinntekter og arbeidsplassar til Haugalandet 🏭

Dette er gode nyheiter 🙌🏽🍀\n\nI tillegg kjem den heilskaplege gjennomgangen av føde- og barselstilbodet i haust. \n\nKva meiner du skal til for at fleire barn skal bli fødd i dette landet? 🧑🏽‍🍼🤱🏻

Feiring av grunnlovsdagen i Skånevik 🇳🇴\n\nI talen min snakka eg om at demokrati og fridom ikkje er sjølvsagt, om sterke møter med ukrainske kollegaer og at bøller ikkje gjev seg før dei får sterk nok motstand. \n\nFin feiring med familien og folk i bygda ❤️

Denne regjeringa skal sikra befolkninga trygg, norsk mat 🙏🍀\n\nI dag fekk me ein jordbruksavtale som styrkar norsk matproduksjon, som aukar inntektsmoglegheita for bønder med vel 110000 kr og som satsar spesielt på unge bønder, velferdsordningar og demping av prisvekst.

Spanande Haugalandstur på torsdag 🙌🏽🍀\n\n«Det var tydeleg at rundturen gjorde eit positivt inntrykk på delegasjonen. Både Vatnaland og Ness Klungland trakk fram at ein kjem til å trenge meir energi framover, og at det er bra at Vindafjord satsar.\n\n— Det er veldig spennande å høyre på kva som skjer her. Vindafjord er ein veldig næringsvennleg kommune som har lagt godt til rette for alt me har sett i dag, meiner Ness Klungland.»

Ei innhaldsrik veka går mot helg!\n\nMange gode budsjettnyheiter, fine vårsamlingar med partivenner og bedriftsbesøk med lokale kandidatar 🤩🍀\n\nSenterpartilaget er godt å vera på!\n\nØnsker alle ei strålande helg 🙏☀️

Fordi mange folk i Rogaland sa nei til å slå seg saman med nabokommunen, slik Erna og gjengen ønska, så blei kommunen straffa. Det skal me få slutt på!\n\nSokndal får til neste år over 800.000 kr som kompensasjon og Lund over 700.000 kr 🤩\n\n«- Strammere rammer fra regjeringen Solbergs første periode, førte til at Lund-politikerne for første gang ble tvunget til å innføre eiendomsskatt. Dette er en forhatt skatt. De siste par åra, med en ny regjering som er mer raus og kommunevennlig, har vi lykkes med å redusere skatten gjennom et bunnfradrag. Lund kommune sin andel av de 100...

Dette er fantastiske nyheiter! Nå kan me bygga 1000 nye sjukeheimsplassar og omsorgsplassar i heile landet 🤩

Hurra for Haugesund Teater og 2 millionar frå regjeringa til nytt bygg 🤩\n\nMe må jo ha levande kulturliv i heile Rogaland, og ikkje minst i heile landet!

Skikkeleg stas å få bli med og bidra til at Jøssingfjord Vitenmuseum snart kan opna 🤩\n\nMens avisa var der fortalte me nyheita om at dei får 2 millionar i driftstilskot i revidert budsjett!\n\n«– Det er en del av distriktskultursatsinga vår. Vi mener at museet er juvelen innen distriktskultur. Så det var veldig kjekt at vi kunne få muligheten til å gjøre, sier Ness Klungland»

Skikkeleg stas å få bli med og bidra til at Jøssingfjord Vitenmuseum snart kan opna 🤩\n\nMens avisa var der fortalte me nyheita om at dei får 2 millionar i driftstilskot i revidert budsjett!\n\n«– Det er en del av distriktskultursatsinga vår. Vi mener at museet er juvelen innen distriktskultur. Så det var veldig kjekt at vi kunne få muligheten til å gjøre, sier Ness Klungland»

Strålande valkampstart på vakre Vistnestunet museumsgård med nydelege tonar av Hilde Selvikvåg 🤩☘️

Dette var stort å få vera med på 🙏

Regjeringa har lytta til utfordringane i Rogaland og ved sjukehuset i Stavanger!\n\nOver 300 millionar i auka låneramma (mest av alle sjukehus i Noreg!) og i tillegg ekstra friske millionar til både Stavanger og Haugesund.\n\nMe i Rogaland Senterparti har vore svært bekymra, og dette er eit kraftig løft og ei viktig styrking for innbyggjarar i Rogaland og dei tilsette på sjukehusa våra ✨\n\n📸 Sandnesposten

Me må ta større ansvar for dei livsviktige behova i våre eigne land, og me må gjer oss uavhengige av ikkje-demokratiske regimer som Russland og Kina 👊🏽\n\nI dag har me diskutert demokrati, menneskerettar og miljø innan internasjonal handel. Noreg må sjølv produsera blant anna energi, kritiske råvarer og mat! Noreg må bli sjølvforsynte innan det me treng.

Når katastrofar treff oss, treng me folk med lokalkunnskap over heile landet ⚓️🏔️\n\nLokalsamfunn, sivilsamfunn og frivillige redningsfolk er avgjerande for tidleg hjelp og bistand. Eg løfta i dag kor viktig dette er, og kor viktig dette er for den norske regjeringa. \n\nAkkurat det same løfta òg min gode kollega i det finske Senterpartiet 🍀 Kjekt å samarbeida med andre i Europarådet for dei sakane som er så viktige for oss!\n\nHilkka Kemppi

Nå er det klart at opplæringskontora blir ein viktig del av lærebedriftene i framtida, for å støtta både lærlingen og bedrifta 🤩\n\nViktigheita av opplæringskontor for lærebedrifter er noko eg har fått mange tilbakemeldingar på. Den nye opplæringslova hadde nettopp høyring, og som eg sa på Rogalandstinget: Gje gode høyringssvar, og ikkje legg noko mellom! 💪🏽\n\nDet nyttar, og les gjerne sak i kommentarfeltet!

God helg frå sommarstemning og shortsvêr på Preikestolen ☀️

Laster...
Laster...