Person / Aktør:
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I dag blei grunnrenteskatt på havbruk vedtatt. Prinsippet om grunnrente er rett, og eg er nøgd med løysinga som det i dag blei fleirtal for. Nå må me jobba vidare med løysingar på andre utfordringar.\n\n«Senterpartiet er eit næringsparti, det har aldri vore og er ikkje noko tvil om det. Det er likevel ingen hemmelegheit at dette var krevjande å stå i for oss som bur langs kysten då det blei presentert. Verdiskapinga i dette landet skjer i stor grad langs kysten. Verdiskapinga skjer i mitt lokalsamfunn. Det er mine venner og min familie som jobbar i desse næringane.\n\nDå er det rett og riktig at ein del av verdiskapinga som skjer gjennom bruk av våre felles fjordar fell tilbake til fellesskapet og lokalsamfunna. Det er rett og riktig at arbeidsplassane fortsatt blir langs kysten». \n\nHøyr gjerne heile innlegget mitt i dagens debatt her 🐟🍀

Postet:
2023-05-31 15:35:05