Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2023-04-11 16:37:01

I podkasten «Banebrytere» har eg delt erfaringar med både makt og avmakt. Eg kjem med nokre konkrete tips og råd, og byr på det livet har lært meg. Håper andre vil synes det er nyttig.\n\nDu finn lenka i kommentarfeltet. Podkastserien er laga av Claudia Antwi-Adjei Hedegaard, og i ulike episoder kan du mellom anna bli kjent med stortingspresident Masud Gharahkhani, og andre med erfaring frå organisasjons- og næringsliv.

Hadia Tajik
2023-04-09 16:13:58

Snart er påska over 🐣 \nMen for ein flott påske det har vore🗻🥾🐟💐 🥰\nHåper du òg har hatt gode dagar.

Hadia Tajik
2023-04-07 09:40:59

Kva kan me lære av historia om Pontius Pilatus? Vårt Land inviterte til å skrive om ein bit av påskefortellinga. Eg valde augneblinket då Pilatus lot Jesus bli korsfesta.\n\nLenke i kommentarfeltet 🐣

Hadia Tajik
2023-04-06 08:40:30

Grunnrenteskatten på havbruk har ein del til felles med momsreformen av 2001. Høyre opptrer som før, og Arbeiderpartiet må igjen ta ansvar for inntektsgrunnlaget til velferdsstaten.\n\nLes gjerne meir i spalta i Dagsavisen, lenke i kommentarfeltet, og fortsatt god påske 🐣

Hadia Tajik
2023-04-02 16:52:47

God påske 🐣 Hugs å smøre deg med solkrem. Her får eg litt hjelp av Sofia 🥰\n\n📸: Kristian

Hadia Tajik
2023-03-30 09:47:19

Kva er sosialdemokratiet i 2023? 🌹✊🏻 Eg tok ein drøs med Torbjørn Røe Isaksen i podkasten hans. Me var innom alt frå sosialpolitikk til klima. Historia og framtida. Han er tidlegare Høyremann, og no samfunnsredaktør i E24.\n\nIsaksen ba meg velje ein flaske vin til opptaket. Eg valde «den med pinnen» 🤷🏻‍♀️ (Men drakk berre vatn, vil jo ikkje ralle i veg…). Opptaket er i lenka i kommentarfeltet - det krev abonnement å høyre på, så det er valfritt om du er interessert.

Hadia Tajik
2023-03-27 17:34:48

Nettopp når det er stramme økonomiske tidar, så må det viktigaste verte prioritert fyrst. Sjukehus, helse og velferd for alle er fundamentalt. 🏥👩🏻‍⚕️ \n\nDen tverrpolitiske rogalandsbenken var hos Stavanger universitetssykehus i dag, og fekk ei oppdatering på den økonomiske situasjonen.\n\nAllereie har regjeringa varsla 2,5 mrd kr meir til sjukehusa i revidert nasjonalbudsjett som kjem i mai, og at dei skal få kompensert for prisvekst. I tillegg kom Sykehusutvalget med sine tilrådingar i dag, som me må følge opp vidare.

Hadia Tajik
2023-03-25 12:28:52

«Arven etter åtte år med Erna Solberg som statsminister er at norsk økonomi er blitt mer oljeavhengig», seier eg hos TV2, og utfordrer Høyre. Mellom anna peiker eg på at handelsunderskuddet frå fastlandseksporten økte med over 100 milliarder kroner i løpet av desse åra.\n\nNo har me ein regjering som mellom anna har:\n🌹 Satt mål om å auke fastlandseksporten med 50 pst fram mot 2030\n🌹 Lagt fram eit grønt industriløft, der staten vil stille opp med økonomiske musklar på næringslivsområder der Norge kan markere seg særskilt. Det betyr noko for arbeidsplassar, verdiskaping og eksport i åra framover.\n\nLenke i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-03-18 10:18:20

Bokmelding 📖 av Erna Solberg sin bok. I Morgenbladet. Bak betalingsmur, så mest for heilt spesielt interesserte. Men her er to utdrag:\n\n❌ «Erna Solberg har skrevet en veldig lang kronikk og utgitt den i bokform. Der viser det seg at hun fortsatt er bekymret for det samme hun var bekymret for i 2011, da hun ga ut boken Mennesker, ikke milliarder.»\n\n❌ «Jeg tok meg i å lure på om ikke boken ville vært spenstigere om det var ektefellen Sindre Finnes som var ghostwriter, og ikke tidligere statssekretær Lars Øy. Finnes forteller jo friskt i sin egen bok om da han...

Hadia Tajik
2023-03-14 18:19:08

I det stille har det skjedd ein pensjonsrevolusjon i Norge. Her er litt av historia:\n\nDette er eit snikfoto mannen min tok, ein kveld eg kom seint heim frå jobb vintaren 2021. De ser søpla i bakgrunnen og barnet foran meg 🥰 Det var same kveld me kom i mål med pensjon frå fyrste krone. No kjem tala: 370.000 nye pensjonskontoar siste året. 106.000 av dei er kvinner under 30 år. Det er ei auke på 80 % for unge kvinner. Det er ei endring me alle kan vere stolte av. 🌹✊🏻

Hadia Tajik
2023-03-12 11:17:09

Fylkesårsmøte i Rogaland Ap 🥰\nTo dagar med arbeid i redaksjonskomité, debatt, peptalks, lått og løye. \n\nFrå talarstolen tok eg opp korleis me no er i ferd med å få samferdselsprosjekter som har så høge bomtakstar at ein del ikkje føler dei kan kjøre der. Ryfast er eitt aktuelt døme, med auken Ferde vedtok på fredag. Men etterkvart kjem Rogfast. Ferjefri E39. Skal dette verte tunneler som berre velståande kan bruke som dei vil? \n\nGjennom helga har eg høyrt mange gode innlegg, blitt inspirert av gode kolleger, og jamnt over fått påfyll og energi til vegen vidare ☺️ Vonar du og...

Hadia Tajik
2023-03-09 10:56:01

Kampen mot negativ sosial kontroll er ein kamp for meir fridom. Mange jenter veks opp med sosiale og seksuelle grenser som tek frå dei mulegheiten til å ta eigne val. 🌹\n\nLubna Jaffery, Kamzy Gunaratnam og eg er kolleger i Stortingsgruppa til Arbeiderpartiet, og me ville setje kvardagskampane som negativ sosial kontroll fører med seg, på dagsorden i samband med kvinnedagen. Les meir i VG, lenke i kommentarfeltet. ✊🏻

Hadia Tajik
2023-03-08 18:42:33

Eit knippe bra damer på kvinnedagen 🌹✊🏻 Det er kvinnekampar nok til alle… Dessverre. Fordi:\n🤜🏻 Menn tener meir, eig meir og har høgare kapitalinntekter enn kvinner\n🤜🏻 1 av 5 kvinner har opplevd valdtekt, mens berre 4 pst av dei opplever at det får rettslege konsekvenser for gjerningsmannen\n🤜🏻 Menn vert oftare toppleiarar og kvinner med barn opplever at det gjer det vanskelegare å få opprykk\n\n8. mars er ein kampdag som trengs. 🌹

Hadia Tajik
2023-03-06 22:03:19

Åmli, Froland og Lillesand - tre flotte kommuner i Agder på ein solfylt marsdag ☀️😎 med kraftpolitikk på dagsorden fekk eg vitje både Biozin, som skal produsere miljøvennlig biodrivstoff, Bøylefoss kraftverk, og vere på eit ope møte om kraft i Lillesand. Så herleg å sjå at mange berre vil møte opp og drøfte politiske løysingar på ein heilt vanleg måndag!\n\nHjarteleg takk til fylkesordførarkandidat Gro Bråten, ordførarkandidat Hans Fredrik Tangen (Åmli), ordførarkandidat Inger-Lene Håland (Froland) og ordførarkandidat Thor-Erling Engemyr (Lillesand) 🌹🌹🌹 Vonar de alle kan stryke ordet «kandidat» frå tittelen dykkar til hausten 😅✊🏻

Hadia Tajik
2023-03-05 17:25:19

Linn Wiik i TV2 intervjua meg «Bak rattet», om livet sjølv, politikk, mammarollen, om å gå av og gå på. Her er ein artikkel frå deler av intervjuet. Meir kjem i ulike videoklipp gjennom veka ☺️ \n\nLenke i kommentarfeltet.\nGod søndag 🥰\n\nFoto 📸 Erik Edland / TV 2

Hadia Tajik
2023-03-04 13:54:41

Tok med Sofia på AUFs 120-årskonferanse på Folkets Hus i Oslo. Her kan de sjå ho beundre tidlegare AUF-leiar Ina Libak.\n\nSofia fann ein leikekamerat i vesle Tommy, som er jamngammal. Sjølv tok eg imot ungdommens råskap og klokskap, om sentrale saker som arbeid, velferd og ekstremisme. ✊🏻🌹

Hadia Tajik
2023-02-28 18:40:19

Med Gunnar Berge - no i Haugesund 🥰 Om Arbeiderpartiet sin ideologi og historie. Kanskje me skal bli ein fast, omreisande duo? ☺️

Hadia Tajik
2023-02-27 21:47:27

Her kan du sjå tidlegare nestleiarar i Arbeiderpartiet frå Rogaland 😅 Nestor Gunnar Berge og meg sjølv, snakka om partiet sin ideologi på ein skulering i heimfylket. Eg drøfta korleis kva vårt syn på verdiorda fridom, likskap og solidaritet inneber i praksis - og Berge drog dei lange linjene i historia vår.\n\nOrsak at du no ikkje får sjå bilete av publikum - i rein glede over å dele talarstol med Berge, gløymde eg å få dei oppmøtte foreviga. Men dei fylte heile fyrste etasje på Folkets Hus i Stavanger 🥰

Hadia Tajik
2023-02-25 14:40:10

Ein hjelpsom assistent som står og dunker litt med ein pinne, gjer at pappaen må kløyve vedkubba veldig forsiktig 🥰 Sjølv sit eg i sola og drikk solbærtoddy, og gler meg til bålvaffel 🧇🤤 \n\nGod laurdag!

Hadia Tajik
2023-02-24 18:13:54

Var innom Schibsted Distribusjon Vest på Forus i dag og sjekka om det var ordna lønns- og arbeidsvilkår 😎 Såg greit ut ✊🏻\n\nTakk til Egel Storevik (nr to frå høgre), frå transportarbeiderane i Rogaland, som ordna med besøket 🥰\n\nGod helg!

Laster...
Laster...