Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Fylkesårsmøte i Rogaland Ap 🥰\nTo dagar med arbeid i redaksjonskomité, debatt, peptalks, lått og løye. \n\nFrå talarstolen tok eg opp korleis me no er i ferd med å få samferdselsprosjekter som har så høge bomtakstar at ein del ikkje føler dei kan kjøre der. Ryfast er eitt aktuelt døme, med auken Ferde vedtok på fredag. Men etterkvart kjem Rogfast. Ferjefri E39. Skal dette verte tunneler som berre velståande kan bruke som dei vil? \n\nGjennom helga har eg høyrt mange gode innlegg, blitt inspirert av gode kolleger, og jamnt over fått påfyll og energi til vegen vidare ☺️ Vonar du og har hatt ein god helg så langt!

Postet:
2023-03-12 11:17:09

Delt innhold:
Fotos von Hadia Tajiks Beitrag