Beta
Søket ga 162 treff.
Terje Breivik
2020-09-29 12:35:00

Stortinget har nytta sommaren til å innstallera ny heis i stortingshusværebygget eg bur i. Tilfeldig at «k»- en er borte i namnet?

Terje Breivik
2020-09-28 11:45:30

På møtet mellom Hordalandbenken og Hardangerådet får me no ei innføring i stoda for villreinen i Hardangervidda national park. EI villreinstamme Norge har eit intenasjonalt ansvar for å ta vare på. Innleiar, Endre Lægreid, leiar i Hardangervidda Vilreinlag held ei svært god innleing med særleg vekt på CWD - sjukdommen stamma har vore plaga med. CWD er ein sjukdom med 100% dødelegheit, men som me framleis har for lite kunnskap om korleis ein skal unngå. .

Terje Breivik
2020-09-28 11:13:45

På morgonflyet Oslo - Bergen, på veg til møte mellom Hordalandsbenken på @stortinget og Hardangerrådet. Skal verta godt å koma «heim» etter landsmøtehelg på Gardermoen.

Terje Breivik
2020-09-27 18:00:16

No har du sjansen til å gje den nye leiinga i Venstre ein «flying» start. Det er berre å melda seg inn.

Terje Breivik
2020-03-22 22:11:28

Eit litt forsinka bidrag til #rockesokk 2020:

Terje Breivik
2020-03-22 11:28:32

Rett frå intense koronadøgn og -boble på Stortinget til skiløypa heima i Ulvik. Kontrasten er enorm, men du verda for ei sjelebot. Så eit godt råd til alle som kan: Ta turen ut og nyt dagen. Men hugs minst 1 meter avstand, og la omsynet til andre vega tyngst 👍

Terje Breivik
2020-03-21 19:52:57

I dag har Stortinget vedteke ei eiga lov for å handtera Koronakrisa. Det er heilt ekstraordinært. Men så langt har det norske demokratiet bestått den vanskelege testen. Her er innlegget eg heldt i debatten på vegne av Venstre:

Terje Breivik
2020-03-17 19:42:44

I dag vart eit nytt, viktig akuttiltak for å hjelpa sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar lansert: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/50445E/regjeringen-aapner-for-akutt-sosialhjelp-til-frilansere-og-naeringsdrivende

Terje Breivik
2020-03-16 10:21:45

Me gjer alt me kan for å ta vare på jobbar og velferd. Strakstiltaka me er einige om på Stortinget vil bidra til å unngå unødige konkursar og oppseiingar for verksemder som er akutt ramma av virusutbrotet. Samstundes sikrar me velferda til dei arbeidstakarane som blir hardast ramma av krisa. At eit breitt fleirtal på Stortinget samlar seg om dette på kort tid viser norsk politikk på sitt aller finaste.

Terje Breivik
2020-03-08 11:51:30

Fleire utanlandskablar er god klimapolitikk, det sikrar viktige distriktsarbeidsplassar og gjer kjærkomne inntekter til kommunane som eig kraftverka. https://www.nationen.no/politikk/venstre-kommuner-vil-tape-milliarder-pa-kabel-nei/

Terje Breivik
2020-03-06 13:13:08

I går la valkomiteen til Venstre fram tilrådinga si til nytt sentral- og landstyre. Gratulerar så mykje til alle som er innstilte til ulike verv! Sjølv skal eg bidra tungt til at sentrumspartiet Venstre visar att gjennom innsats som stortingsrepresentant og parlamentarisk leiar for stortingsgruppa. I ei blågrøn mindretalsregjering er det i Stortinget me mellom anna legg grunnlaget for ein klima- og næringspolitikk som er bra både for klimaet og viktige norske industri- og distriktsarbeidsplassar. Likeins vert det viktig at me kjempar i mot dei som no tek til ordet for ytterlegare innstrammingar i flyktningepolitikken, og endå til ønskjer å...

Terje Breivik
2020-03-04 10:54:15

Når Europa var i desperat nød stilte Syria opp, no er det vår tur til å hjelpa det syriske folket. https://www.aa.com.tr/en/europe/syria-hosted-european-refugees-during-world-war-ii/1362254

Terje Breivik
2020-03-03 08:44:51

Noko av det vakraste og beste med Norge er fellesskap tufta på samhald, toleranse og små forskjellar. Med menneske som er så trygge på seg sjølve, eigen historie og identitet at me saman er i stand til å møta det ukjende, det usikre, mangfaldet, med respekt og oppriktig interesse og vilje til å stilla opp for kvarandre og verda der ute. Dette er trekk og verdiar; nasjonalisme på sitt beste, me aldri kan ta for gitt, og som me kontinuerleg må pleia, vidareutvikla og kjempa for. I ei tid der fleire land, med USA og Storbritania i spissen, er i...

Terje Breivik
2020-02-28 09:47:33

Guri Melby innleiar på stortingsgruppa til Venstre si høyring om stoda i Hong Kong. #menneskerettar #demokrati

Terje Breivik
2020-02-13 11:05:11

Med Venstre som pådrivar vert tilgangen på nødvendig risikokapital for nystarta selskap enklare og enklare: https://www.venstre.no/artikkel/2020/02/13/grunder-fond-har-tredoblet-investeringsviljen/

Terje Breivik
2020-02-11 17:35:30

Perspektivkonferansen 2020 for regjeringspartia fortset: No fortel Hege Økland frå NCE Maritime CleanTech på Stord om alt det spennande som skjer i regi av maritim næring og leverandørindustri. Viktig at slike klynger vert heia på og får rammekår som gjer at norsk industri aukar kokurransekrafta si. Næringslivet i vest visar veg!

Terje Breivik
2020-02-11 15:53:04

Staminister Erna Solberg er første innleiar på Perspektivkonferansen 2020 for den blågrøne regjeringa og regjeringspartia Venstre, H og Krf. «Vi skal overlate Norge og verden i bedre stand til våre etterkommere enn hva tilfellet var når vi kom til makten». Grunnlaget for fridomen til barna og barnebarna våre vert lagt no. Å få reversert klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald; klima og miljø, raskt nok vert ei høgt prioritert oppgåve for Venstre, både i regjeringa og på Stortinget.

Terje Breivik
2020-02-06 17:08:17

Eit viktig og inspirerande standpunkt frå Norges Rederiforbund. Forvaltningsmeldinga for Barentshavet og definisjonen på iskanten vert ein av dei viktigaste sakene Stortinget skal handsama i vår. https://rederi.no/aktuelt/2020/ingen-grunn-til-a-presse-iskanten-nordover/

Terje Breivik
2020-02-03 19:14:34

Gratulerar til Guri Melby med vervet som finanspolitisk talskvinne i stortingsgruppa til Venstre. Rett kvinne på rett plass. https://www.dagbladet.no/nyheter/kommer-med-krav-til-listhaug/72089566

Terje Breivik
2020-02-03 08:29:51

Sambygding Torbjørn Ljones, meir kjend og vidgjeten som Kvitanesen, veit å setja ord på det: https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/wPLzLL/Nok-fjas

Laster...
Laster...