Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I går la valkomiteen til Venstre fram tilrådinga si til nytt sentral- og landstyre. Gratulerar så mykje til alle som er innstilte til ulike verv! Sjølv skal eg bidra tungt til at sentrumspartiet Venstre visar att gjennom innsats som stortingsrepresentant og parlamentarisk leiar for stortingsgruppa. I ei blågrøn mindretalsregjering er det i Stortinget me mellom anna legg grunnlaget for ein klima- og næringspolitikk som er bra både for klimaet og viktige norske industri- og distriktsarbeidsplassar. Likeins vert det viktig at me kjempar i mot dei som no tek til ordet for ytterlegare innstrammingar i flyktningepolitikken, og endå til ønskjer å bryta grunnleggjande prinsipp i asylinstituttet: Retten til å søkja asyl og tryggleik for seg sjøl og sine næraste når desperasjonen tving deg på flukt. https://www.venstre.no/artikkel/2020/03/05/innstilling-sentralstyre-landsstyre-2020/

Postet:
2020-03-06 13:13:08

Delt innhold:
Grande, Rotevatn og Raja innstilt som Venstres ledertrio - Venstre
Valgkomiteen i Venstre legger i dag frem sin innstilling til nytt sentralstyre og landsstyre. Som ledertrio innstilles Trine Skei Grande, Sveinung Rotevatn og Abid Q.…