Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
Noko av det vakraste og beste med Norge er fellesskap tufta på samhald, toleranse og små forskjellar. Med menneske som er så trygge på seg sjølve, eigen historie og identitet at me saman er i stand til å møta det ukjende, det usikre, mangfaldet, med respekt og oppriktig interesse og vilje til å stilla opp for kvarandre og verda der ute. Dette er trekk og verdiar; nasjonalisme på sitt beste, me aldri kan ta for gitt, og som me kontinuerleg må pleia, vidareutvikla og kjempa for. I ei tid der fleire land, med USA og Storbritania i spissen, er i ferd med å verta »seg sjølv nok», er det viktigare enn nokon gong med meir internasjonalt samarbeid og samkvem. I så måte er det grunn til å gje honnør til Bergens Tidende som tek eit oppgjer med Oslo Frp på kommentatorplass i dag. Eit Frp - lag som medvite går til angrep både på klimapolitikken, overnasjonal styring, EØS mm: https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/jdJWAA/norsk-kultur-treng-betre-patriotar

Postet:
2020-03-03 08:44:51

Delt innhold:
Norsk kultur treng betre patriotar enn Oslo Frp
Men fleire etablerte politikarar må kaste seg inn i debattane om norsk kultur, meiner Jens Kihl