Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2018-07-03 12:34:10

Foto: Dagbladet Magasinet.

Hadia Tajik
2018-06-21 19:41:33

Har vore på turné i trivelige Trøndelag i to dagar, ilag med stortingskollega og trønder Jorodd Asphjell. Tusen takk til Stjørdal, Malvik, Skaun, Trondheim, Orkland og Selbu for interessante og lærerike møter!

Hadia Tajik
2018-06-20 18:03:48

Matpause på kafé Kaos på Amfi-senteret i Orkanger.

Hadia Tajik
2018-06-15 18:21:46

I går møtte eg Generasjon Y. Det er noko av det mest spanande som skjer internt i Arbeiderpartiet: Unge sosialdemokrater utan tradisjonell partierfaring drøfter ny politikk. Dei gjer partiet vårt større. Det gjer meg oppstemt med tanke på framtida.

Hadia Tajik
2018-06-12 13:14:09

Vil du ha litt politikk på øyret? Politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit, har intervjua meg i ein podcast som var lagt ut i dag: Om alt frå skulepolitikk til Russland. Du kan høyre opptaket her eller i podkastspelaren.

Hadia Tajik
2018-06-11 21:55:09

Bra skrive av Synnøve Vereide, om det Arbeiderpartiet bør gjere meir av framover!

Hadia Tajik
2018-06-10 11:13:16

Her kjem eg frå. Sjå kor vakkert! Har du eit fint bilete frå heimplassen din? Foto: Hilde Synnøve Håvardsen

Hadia Tajik
2018-06-09 14:58:30

Har vore ute ilag med gode partivenner i Gjesdal, Sandnes og Stavanger i dag, for å snakke med folk. Som de kan sjå får eg kjørt meg :-) Ha ein flott helg!

Hadia Tajik
2018-06-08 11:17:01

Arbeiderpartiet er på lag med vanlege arbeidsfolk. Høyre tek rolla som ombud for pengemakta.

Hadia Tajik
2018-06-07 14:48:33

Er med heile stortingsbenken til Rogaland Arbeiderparti på tur i heimfylket. Tortilla-bakeriet Como Mexico på Sola er ein lokal gründerbedrift som leverer nybakte tortillalefser til taco-fredagen din! Les meir i lenka.

Hadia Tajik
2018-06-06 11:49:01

På tide å gje vanlege arbeidsfolk makta tilbake. Det skal ikkje vere mogleg å organisere seg vekk frå arbeidsgiveransvaret. Lik og del.

Hadia Tajik
2018-06-02 13:46:05

Takk til Tough Viking for eit minnerikt løp. 10 km hinderløp med snø (!), vatn, tunge løft, høge hindre å klatre over og låge hindre å krype under. Takk og til Ingrid Wergeland og Ebba Boye for god lag gjennom løpet!

Hadia Tajik
2018-05-29 15:02:29

No er det nok. Nok privatiseringseksperiment. Nok press på norske lønns- og arbeidsvilkår. Arbeiderpartiet støtter streiken til arbeidsfolka på jernbanen. Fyrst sa Høyre-regjeringa at jernbanereformen ikkje skulle svekke lønna eller arbeidsvilkåra til dei som jobba der. No ser me at dei som jobbar med reinhald og vedlikehald må framover søke på sine eigne jobbar. Dei kjem til å konkurrere med billegare, uorganisert arbeidskraft. Det set arbeidsvilkåra deira under press. Det gjer framtida deira utrygg. Og det lager eit arbeidsliv me ikkje vil ha. No er det nok. Me må gje arbeidsfolk tryggleiken tilbake.

Hadia Tajik
2018-05-28 23:21:00

I kveld vart det kjent: Krf, Sp og Sv kjem til å sikre fleirtal i lag med Arbeiderpartiet på å setje tydelege grenser for innleie. Ein viktig seier for eit seriøst arbeidsliv og for vanlege arbeidsfolk sin kvardag!

Hadia Tajik
2018-05-28 13:12:31

Arbeiderpartiet vil stramme kraftig inn på bruken av innleid arbeidskraft. Er du samd med oss? Skriv ja/nei i kommentarfeltet under.

Hadia Tajik
2018-05-17 11:17:33

Gratulerer med dagen!

Hadia Tajik
2018-05-16 19:27:01

Sorry Sandnes Ulf, i kveld er eg på Lerkendal.

Hadia Tajik
2018-05-14 09:34:49

I dag gjer Oslo-byrådet og stortingsgruppa ei erfaringsutveksling: Dyktige Edina Ringdal flytter over og vert byrådssekretær for finansbyråd Robert Steen. Medan minst like flinke byrådssekretær Halvard Hølleland kjem over og vert politisk rådgjevar for meg. Denne utvekslinga vil vare i 6 månader, før dei bytter tilbake. Dette er ei opptrapping fram mot lokalvalet neste år. Oslo er ein viktig by for oss. For tre år sida vann Arbeiderpartiet makta tilbake etter nesten 20 år i opposisjon. På denne måten kan me sikre god informasjonsflyt og kunnskapsutveksling internt. Og me gjer oss klare for å slåss mot høgrekreftene. Me vil prøve...

Hadia Tajik
2018-05-07 17:56:26
Arbeiderpartiet

Vi vil ha arbeidslivskriminalitetssentre over hele landet, som skal gå etter bakmennene som styrer og tjener på denne alvorlige kriminaliteten. Dessverre stemte regjeringspartiene Høyre, Frp og Venstre i dag ned vårt forslag.

Hadia Tajik
2018-05-04 14:49:01

Trass i sterke åtvaringar har ikkje regjeringa sikra luftambulansen. Det forstår eg ikkje - for det er jo ei ordning som er heilt samfunnskritisk, særleg for eit land som Norge med lange strekk, fjell og fjorder. Vil helseminister Bent Høie sikre tenestetilbodet til luftambulansen? Kan erfarne og kompetente flygarar som Synnøve (i artikkelen) få fly pasientar og helsepersonell trygt fram i framtida òg? https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/vm1vJw/hoeyre-pilot-melder-seg-ut-av-partiet-i-protest-mot-hoeie-hoeie-tar-ikke-ansvar

Laster...
Laster...