Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
No er det nok. Nok privatiseringseksperiment. Nok press på norske lønns- og arbeidsvilkår. Arbeiderpartiet støtter streiken til arbeidsfolka på jernbanen. Fyrst sa Høyre-regjeringa at jernbanereformen ikkje skulle svekke lønna eller arbeidsvilkåra til dei som jobba der. No ser me at dei som jobbar med reinhald og vedlikehald må framover søke på sine eigne jobbar. Dei kjem til å konkurrere med billegare, uorganisert arbeidskraft. Det set arbeidsvilkåra deira under press. Det gjer framtida deira utrygg. Og det lager eit arbeidsliv me ikkje vil ha. No er det nok. Me må gje arbeidsfolk tryggleiken tilbake.

Postet:
2018-05-29 15:02:29