Beta
Søket ga 1100 treff.

Dette er så bra. Industrien får mulighet til å utvikle seg videre - samtidig som fellesskapet sikres eigarskap til vannkrafta. Dette er ei sak som eg har vore oppteken av sidan 2008 då me kjempa ned EU sine forsøk på å privatisere fossekrafta vår.

Norgesgruppen strammer grepet om daglegvaremarknaden ytterlegare - no om frukt og grønt. Bra at det no vert merksemd kring desse tinga. Eg meiner definitivt at Konkurransetilsynet bør gå inn i saka.

Det er mykje som tyder på at matkjedene utnytter koronaen til å skru opp prisen på mat. I går på Dagsrevyen la kommunikasjonsdirektøren i Coop skylda for auka matprisar på mellom anna jordbruksoppgjeret. Sjølv om det kan virke som at punkt 1 i kommunikasjonsdirektørane si lærebok er «kan me skulda på bøndene» - så har ikkje Coop noko dokumentasjon for ein slik påstand. Hadde de ikkje vore for jordbruksoppgjeret så hadde prisane på norsk mat inn til kjedane truleg auka mykje meir. Eg forventar eg at Coop snakker sant og legg seg flate og orsaker seg når dei snakker usant....

Rogalandsmåling: Frå 7,5 % i valet i 2019 til 12,6 % på denne målinga. Om dette vert fasiten på valdagen betyr det dobling av Sp-gruppa i Rogaland. Men eg ser heller ingen god grunn til at Sp skal vera mindre enn Ap, H og Frp i Rogaland. Me får stå på framover og sjå koss det går.

Digital budsjetthøyring om statsbudsjettet 2021 i Næringskomiteen. 81 høyringsinstanser er påmeldt og får 3 minutter kvar. Viktig for å forstå konsekvensane av statsbudsjettet.

🍀 Norske arbeidsplasser 🍀 🍀 Tjenester nær folk 🍀 🍀 Trygve 🍀 🍀 19,8 % 🍀

Det er heilt uforståeleg at regjeringa midt i denne krisa vil gjera det dyrare å bruka norske sjøfolk. Det tok eg opp med statsministeren i spørretimen i dag. Senterpartiet vil ha ein meir aktiv politikk for å sikre norske sjøfolk og den maritime næringa.

Endeleg eit oppslag hos finske YLE. Både radio, web og TV om pelsdyr og den håplause måten regjeringa har gjennomført saka med erstatning til pelsdyrbøndene på.

Det er blink av Nobelkomiteen. Gratulera med prisen - og hurra for Marit Arnstad som nominerte FNs matvareprogram til prisen.

Tommel opp til alle som jobber i norsk luftfart. Det er tøffe tider - vi må stille opp for tusenvis av ansatte i lufta og på bakken. Ingen skal få lov å utnytte krisen til å svekke ansattes rettigheter eller bygge ned flytilbudet i Norge.

Endeleg fekk me fleirtal i Stortinget for at staten skal ta garantiansvaret når staten bygger statleg veg. Det vil gje noko lågare bompenger, fleire prosjekt vert realisert og ansvaret vert flytta der det høyrer heime. Forstår ikkje kvifor H, Sv, KrF, V og MdG stemte i mot Sp-forslaget. Men dei har ikkje fleirtal 🙂

La norsk sokkel bli eit utstillingsvindu for norsk mat. 🍀💚🍀🥦🥕🍗🥩🥗🦀🦞🦐🦡🌮🐟🐡🐓🐖🥑🍖🍔🍳🥔🥬🍀💚🍀

I dag er det 164. Storting over. Det har vore ein spesiell stortingssesjon med plexiglass og krisepakker. Det har likevel vore eit positivt år for Senterpartiet. Me har teke ansvar frå opposisjon i den mest krevjande tida. Krisepakker vart forbedra. Politikken vart tilpassa heile Norge. Etterkvart som tida gjekk lena Erna Solberg og Høgre seg meir og meir på støttepartiet Frp. Då tok me rolla som det fremste opposisjonspartiet på Stortinget.

Venstre seier ja til EU. Eg seier nei til Venstre.

Har vore på landevegen i indre strøk i to dager. Nokre konklusjonar: I Sauda har dei flinke folk på transportlinja, og er opptekne av å behalde tenestene. På Kløver Hotel - namnet passer bra i den tidlegare Ap-bygda - har dei ein del anleggsfolk buande. Det bidreg med litt mynt. Hotellsjefen var oppteken av at momsen på reiseliv ikkje måtte auke frå 6 til 12 % slik regjeringa legg opp til. I Hjelmeland møtte eg pelsdyrbønder utan pels. På Thon Nordheimsund hadde dei hatt besøk av jærbuer på busstur - så der var det stengt. (Og eg var heller ikkje...

Næringskomiteen har digital komitereise i dag og i morgen. Det funker fint - men saknar ekte mennesker, kaffi fra samme kanne og lukta av næring.

No har det kome ei sjuka til Hårr. «Bureachretaus oslodominantus kokilikokos» Difor vert det no jobba med plan for å sette stein på stolpar på Hårr. No skal kommunestyret i Hå få sagt sitt om planane for rasteplassen på Hå. Og det skal dei få gjera heilt utan at eg blander meg inn. Utanom denne til slutt litt splitta ytringa då. Det er som er viktig i prosessen er at ein ikkje godtek trugsmål om at anten vert det dette eller ingenting på Hårr og nasjonal turistveg Jæren. I generasjonar har Jærbuen rydda stein. Vår generasjon set stein på stolpar...

Har vore i Suldal i dag for å støtte opp under NAF, kommunen og folk sitt krav om rassikring av Rødsliane riksveg 13. Her er det farlig å kjøre. Det ligg føre vedteken reguleringsplan. Med ei bevilgning i statsbudsjettet i haust kan arbeidet starte raskt. Problemet er at regjeringa og Frp er heilt hekta på samfunnsøkonomiske regnestykker når dei prioriterer prosjekt. Då vinner byane og dei mest trafikkerte vegane. Tryggleiken til folk og bygdesamfunn syner lite igjen på Hareide sin kalkulator. Og difor har det vore omtrent pause i utviklinga av RV 13 innover Ryfylke sidan 2013.

I dag er det blitt kjent at Magnhild Eia og Sp tar over ordførarkjedet i Lund kommune frå 1. oktober. Fylkesleiar Vidar Nedrebø og eg reiste sporenstreks til skulen der Magnhild i dag er rektor med blomster. 🍀🍀🍀🍀🍀🍀🍀🍀-ordførere i Rogaland.

Me har fått ny ordførar i Time. Ynskjer Andreas Vollsund lukke til.

Laster...
Laster...