Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Har vore på landevegen i indre strøk i to dager. Nokre konklusjonar: I Sauda har dei flinke folk på transportlinja, og er opptekne av å behalde tenestene. På Kløver Hotel - namnet passer bra i den tidlegare Ap-bygda - har dei ein del anleggsfolk buande. Det bidreg med litt mynt. Hotellsjefen var oppteken av at momsen på reiseliv ikkje måtte auke frå 6 til 12 % slik regjeringa legg opp til. I Hjelmeland møtte eg pelsdyrbønder utan pels. På Thon Nordheimsund hadde dei hatt besøk av jærbuer på busstur - så der var det stengt. (Og eg var heller ikkje innom der.) Eg overnatta i Øystese. Hotellet får terningkast 1 utelukkande på grunn av utanlandsk smør - fikser dei det så lukter dei på fem prikker på terningen. I Øystese møtte eg representanter for oppdrettsnæringa mellom anna Lingalaks. På Voss møtte eg reiselivsnæringa. Dei var uroa for framtida. Til slutt hadde eg eit møte om ølbrygging og kveik. Kveik er trendy veit eg no. Elles var det ei nyttig befaring av både god og dårleg veg på E134, RV 7 og RV 13. Eg fekk køyrt over Hardangerbrua for fyrste gong. Det var stort. For ein katedral. For eit smykke. For eit byggverk. Både Hardanger og Ryfylke var i ferd med å ta på haustkleda. Så det var ein naturmessig opplevelse. Ein impulsiv tur innom Hamrabø vart det og tid til - men her såg eg meir fe enn folk. #heileNorge Senterpartiet For eit land me bur i - no må me få ein politikk for å bygga opp - ikkje berre sentralisera.

Emneknagger:

Postet:
2020-09-26 09:01:04

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Geir Pollestad - Senterpartiet