Beta
Søket ga 262 treff.

I dag er verdsdagen for psykisk helse 🌟 \nTemaet er å laga plass, og eg vil oppfordra alle til å gjer noko aktivt, noko meiningsfylt og ikkje minst gjera det saman med nokon!

Kjekt gjensyn med Leif Christian Mæland Andersen og avtroppande ordførar Sammy Olsen frå Bømlo Senterparti 🤩🍀\n\nMe besøkte både Bømlo bu- og Helsesenter, psykisk helse og rus og fastlegetenesta!\n\nFekk tydelege tilbakemeldingar blant anna om at kommunar tar større ansvar for svært sjuke eldre, at me må rigga oss for framtida nå og at me må ta på alvor at så mange er utan fastlege.\n\nTusen takk for viktige innspel i arbeidet me held på med 🙏

Fantastisk tur gjennom Ryfylke 🤩\nBonus å få koma opp ein tur i styrhuset på hydrogenferja til Øyvind Lovra Tveitane 🙏⛴️

Høgtideleg opning av det 168. storting 🇳🇴\n\nStas å ha med svigers i salen ✨

Triveleg besøk hos avtroppande ordførar Kari Anne Sand i Kongsberg ✨\n\nKongsberg jobba fram lågterskel tilbod for psykisk helse allereie for fire år sidan, og har gjort nybrottsarbeid for mange andre kommunar. Det betyr tidleg hjelp 💚 Nyttig erfaring når me nå skal behandla opptrappingsplan for psykisk helse.\n\nTusen takk for at eg fekk koma på besøk 🤩

To flotte dagar i skogen 🍂\nFrisk luft, masse fargar, rim i graset tidleg om morgonen og røvarhistoriar ved bålet.\n\nHåpar de har hatt ei fin helg 🍁

Blitt intervjua om opptrappingsplanen på psykisk helse! Det aller største grepet her er å bygga opp lågterskel hjelpetilbod i alle kommunar 🍀💚 Det er SÅ viktig, fordi det gjer så vondt å vera alvorleg sjuk.\n\n«Sykepleier Lisa Marie Ness Klungland ble stortingspolitiker med et ønske om å forbedre psykisk helse-feltet. Nå er hun saksordfører for opptrappingsplanen som snart skal ut på høring.»\n\n(Dessverre bak betalingsmur).

45 timar på studietur til Kosovo 🇽🇰\n\nVisste du at det bur rundt 15.000 kosovarar i Noreg? Kosovo er ikkje anerkjend som eigen stat av fleire land og dei får ikkje vera medlem i Europarådet, EU eller FN - sjølv om dei vil. \n\nMe reiste ned fordi me ønsker at Kosovo skal bli eit fullverdig medlem i Europarådet (som eg er representant for Noreg i), og då måtte me læra meir om landet og korleis me skal få det til.\n\nHer er nokre klipp frå turen 🙏

Denne veka blei eg vald til ny helsepolitisk talsperson for Senterpartiet 🍀💚\n\n«Helse er ei hjartesak for meg, spesielt psykisk helse. Situasjonen på feltet var ein av grunnane til at eg sa ja til å stille på lista til stortingsvalet i 2021, fortel Ølensbuen.»\n\nSom sjukepleiar synest eg det er stort og stas å få ansvar for helsepolitikk! Det er då eg verkeleg kan få gjort endringar.

For eit lag og for nokre veker det har vore! Tusen takk til alle dei tusenvis av rogalendingar som har stemt på alle desse dyktige lokale kandidatane 🤩🍀\n\nLykke til alle som skal til med kommunepolitikk dei neste fire åra - eg ser fram til å samarbeida med dykk 💚

Litt fri frå valkampen for å dra i bryllup 🩷

‼️ På siste meiningsmåling var gode Harald Halvorsen Løland akkurat ute av fylkestinget. Me treng stemma hans. Me treng erfaringane hans frå Ryfylke og Haugalandet, både fordi han kjenner næringslivet, han kjenner til utfordringar og han kjenner til moglegheiter. Me treng at nettopp du stemmer på han i årets fylkestingsval!\n\n🍀 Mi stemma går til Senterpartiet. Fordi våre folk i Senterpartiet jobbar for at me skal ha barnehage, skule, sjukeheim og alt det andre me treng i livet i nærleiken av oss. Fordi dei jobbar for at me skal ha levande og trygge bygder og bydelar i heile kommunen. Fordi dei...

Der kom endeleg dagen 💚 \n\nNeste år startar me med å bygga ny tunnel i Rødsliane! Ein stor dag for alle som har jobba dag og natt for å få dette til - all æra til dykk 🌟

Fantastisk å både avslutta veka og starta ei ny veka mellom fjord og fjell 🏔️☁️\n\nHåpar de har hatt ei fin helg, og at neste veka blir minst lika bra 🌟

Starta dagen på Kvitsøy med kaka på trafikksentralen og losformidlinga 🎂\n\nNå må ingen fleire prøva å tulla med desse arbeidsplassane! \n\nBonus å ta første ferjetur etter at ferja blei gratis 🥳 og ikkje minst i strålande vêr! I helga er det NM i undervatnsfotografering. Gler meg til å sjå bileta 🦀

Losformidlingstenesta blir på Kvitsøy!\n\nI år har me pigede jobba, me har løfta saka på radio og i avisa, me har snakka med fleire statsrådar, me har ropt og me har fått gehør!\n\nTakk til ordførarkandidat Kjell André Nordbø på Kvitsøy for engasjementet og for alle andre som har jobba for dette 💪🏽\n\nFiskeri- og havministeren har tydeleg tale: «Jeg har ikke hatt noen planer om å legge ned en eller flere av losformidlingssentralene, og kommer ikke til å gå videre med forslaget om å slå dem sammen.» Nå må desse arbeidsplassane få ro i all uoverskueleg framtid - me treng dei! 🌟

I dag kom nyheita om at me startar med å bygga Røldalstunellen neste år 🤩 \n\nMe er avhengige av at næringslivet vårt her på Haugalandet får levera varene dei produserer over fjellet. Då må det vera så forutsigbart at vegen over fjellet ikkje er stengd i tide og utide. Første steget for open veg er Røldalstunellen, og den kjem neste år 🥳

«Tilgang på kompetanse er en av de største utfordringene vi som samfunn står ovenfor. Vi trenger flere fagarbeidere, særlig innenfor helsesektoren. Mange har et ønske om å ta utdanning. Skal vi få dette til, må utdanning være tilgjengelig for flere, uavhengig av alder og livssituasjon.»\n\nLes innlegget til Maren Grøthe - Senterpartiet og meg i kommentarfeltet 👇🏽

Har hatt eit døgn i Bergen med flotte venninner, før tur gjennom Samnanger, Kvam og Kvinnherad i frisk augustluft 💚\n\nHåpar de har hatt ei fin helg 🙏☀️

Rise and shine!\n\nIdag blir ferjene billigare og faktisk nokon heilt gratis!\n\nI Rogaland blir ferja til/frå Kvitsøy og Vassøy gratis. Ferja over Boknafjorden får 50 % reduksjon (ekskl. bompenger) og det sama mellom Hjelmeland og Nesvik - samanlikna med då me kom inn i regjering 🤩⛴️

Laster...
Laster...