Person / Aktør:
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
‼️ På siste meiningsmåling var gode Harald Halvorsen Løland akkurat ute av fylkestinget. Me treng stemma hans. Me treng erfaringane hans frå Ryfylke og Haugalandet, både fordi han kjenner næringslivet, han kjenner til utfordringar og han kjenner til moglegheiter. Me treng at nettopp du stemmer på han i årets fylkestingsval!\n\n🍀 Mi stemma går til Senterpartiet. Fordi våre folk i Senterpartiet jobbar for at me skal ha barnehage, skule, sjukeheim og alt det andre me treng i livet i nærleiken av oss. Fordi dei jobbar for at me skal ha levande og trygge bygder og bydelar i heile kommunen. Fordi dei tenker lenger fram enn berre til i morgon. Fordi dei kjemper innbitt for å behalda jorda inn i framtida òg, slik at me framleis kan produsera mat til våre barn, barnebarn og oldebarn. \n\nI dag har eg stemt - husk å stemma du òg! I morgon er siste dag med førehandsstemming, og aller siste moglegheit er på måndag (då i ditt eige nærområde).\n\n🌟 Uansett kva du stemmer på, stem!! Den som stemmer, den bestemmer.

Postet:
2023-09-07 19:22:27

Delt innhold:
Photos from Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet's post