Beta
Søket ga 439 treff.
Hadia Tajik
2023-09-19 21:27:56

Det er ei stund sida eg sist var i eit Gudshus. Eg hadde neste gløymt for mykje fred det gir meg 🕊️Ikveld var eg i Tau Kirke saman med tidlegare Høyre-nestleiar Bent Høie og stortingsrepresentant frå Raudt, Mimir Kristjansson, for å snakke om tru og politikk. Det vart ein fin samtale om moral, religionen sin plass i det offentlege rom, sosial kontroll, politikkutvikling og det å stå i ein storm eller to. Og heile 350 personar kom for å lytte og delta. Takk!

Hadia Tajik
2023-09-17 01:00:51

Tusen takk for dansen 💃🏻🌹 For masse kjærleik og positive tilbakemeldingar. Tusen takk til proffdansar Jone, for alt eg har fått lære, og til alle andre deltakarar og proffdansarar for at de er så rause. Det er verkeleg eit heilt unikt samhold mellom alle som er med i Skal vi Danse, der folk som eigentleg er konkurrentar er med på å gjere kvarandre gode. Tenk at ei småbarnsmor som likar å danse kan få vere med på noko så gøy som dette! 🤩🥳 Ønsker alle ein herleg helg!

Hadia Tajik
2023-09-16 12:04:59

I løpet av dagen skal denne trøtte småbarnsmora verte forvandla til Katniss Everdeen i Hunger Games, og danse argentisk tango, med proffdansar Jone. Håper du vil sjå på Skal vi Danse på tv2 i kveld kl 20.00. Og at du bruker stemmeretten hvis du likar dansen vår 🤩💃🏻 Me har stemmetal nr 7. Detaljar om korleis du kan stemme finn du i lenka i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-09-14 19:13:09

I ei tid der det kan vere lett å miste håpet, er der fantastisk å høyre Jonas Bals snakke. I kveld vart den nye boka hans «Våre kamper», om antifascisme, lansert. I boka skriv han om historiske motstrategiar mot rasisme og fascisme frå midt på 1800-talet til starten på 2. verdskrig. I eit stappfullt lokale hjå Tronsmo bokhandel fekk me høyre om aktivisme, organisering og uventa heltar.🌹✊🏻 Boka dokumenterer fortida, slik at me betre kan forme framtida. Tusen takk, Jonas!

Hadia Tajik
2023-09-10 10:25:55

Takk for dansen i går 😄💃🏻\nDet var utruleg kjekt å danse salsa med Jone. Tusen takk til alle som såg på og brukte stemmeretten. No skal me vidare til neste laurdag - som har temaet: filmkveld.\n\nVeldig trist at Trude Vasstrand rauk ut i går - ho er verkeleg det eg vil kalle ei grepa dame 💕 Og blodig urettferdig at Fritz Aanes måtte ut på grunn av ein skade - han har imponert.\n\nI morgen er det òg viktig å bruke stemmeretten. No har me politikarar gjort vårt i valgkampen og resten er opp til velgarane. Eg håper flest muleg tek...

Hadia Tajik
2023-09-09 10:16:26

Dans og politikk. Bruk stemmeretten!\n\nNo nærmer to viktige valg seg. På måndag er det lokal- og fylkestingsvalg. Bruk stemmeretten! For meir tryggleik og fellesskap - stem Arbeiderpartiet 🌹\n\nI kveld er det ny live-sending med Skal vi Danse kl 20.00. Òg her er det viktig å bruke stemmeretten. No får du sjå Jone og meg danse salsa! 💃🏻 Stemmetalet vårt er nr 7, og hvis du likar dansen - send oss ein stemme 😅

Hadia Tajik
2023-09-06 16:25:42

Kårstø er ilandføringsanlegg for naturgass frå fleire plattformar, og ein viktig arbeidsplass for landet vårt. Var innom i dag, saman med mellom anna fylkesordførarkandidat Frode Berge og ordførarkandidat for Tysvær, Lin Veronica Jacobsen. Tidlegare på dagen fekk me òg ein god orientering av Haugaland Vekst om planar for Haugalandet framover. Me er stolte over å koma frå ein region med sterke industrimiljø, og vil arbeide for å bygge på skuldrane av denne kompetansen.\n\nFrå venstre: Lillian Vikra, Asle Rafdal, meg, Lin Veronica Jacobsen, Frode Berge og Sigmund Lier.

Hadia Tajik
2023-09-05 22:14:39

Kjekt å ta ein dans med Ragnvald Erga i Sandnes Arbeiderparti 😅💃🏻 Roseaksjon på Lurabyen og dørbank i nabolaget med mellom anna Siri Tansø og Cecilia Lindbåge Karlsen - som begge er kandidatar ved lokalvalet i år 🌹🌹

Hadia Tajik
2023-09-03 00:26:00

Tusen takk for mange gode ord om vår Paso Doble på Skal vi Danse i kveld! Og for at Jone og eg får danse vidare til neste laurdag ❤️💃🏻🤩

Hadia Tajik
2023-08-28 16:24:21

Gaute Straume Epland (Ap) er ordførar på Stord. Saman med han og stortingsrepresentant Linda Monsen Merkesdal vitja eg i dag Maritime CleanTech på Stord. Dei er ei internasjonalt leiande næringsklynge på det maritime området, og med masse kompetanse for å lukkast med det grønne skiftet. Me snakka mellom anna om framtida til Energy House, eit av verdas fyrste fullskala testsentre for nye grønne energibærarar.

Hadia Tajik
2023-08-27 12:12:44

Så gøy! 😅💃🏻🔥 Takk til alle som såg på Skal vi danse - og for mykje varme og mange heiarop. No er det tilbake til valkamp og trening - fram til neste laurdag. Fortsatt god helg! 🥰 Foto: 📷 Thomas Andersen

Hadia Tajik
2023-08-25 20:23:35

Dance like nobody is watching - seier ordtaket. Eg gler meg og håper du vil sjå på likevel… Proffdansar Jone og eg er par nummer 7💃🏻når Skal vi danse starter i morgon. \n\nJone har trent og trent med meg i meir enn to veker no. Du kan skru på klokka 20.00 i morgon, laurdag, på tv2. 💃🏻🔥

Hadia Tajik
2023-08-23 19:09:09

Hei 👋 Frå valgkampboden i Stavanger: Her i byen har ordførar Kari Nessa Nordtun og laget hennar mellom anna innført gratis kollektivtransport (!) og satsa mykje på lokal velferd som SFO, barnehage og sjukeheimar 🌹 Og hvis du vil koma for ein drøs med partifolk, så er boden til Stavanger Ap på domkirkeplassen open _kvar dag_ mellom 10.00 og 18.00 ☺️

Hadia Tajik
2023-08-22 21:24:22

Hei frå Ryfylke 👋 Valgkamp i Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand. 🌹 Veldig imponert over hardtarbeidande partifeller som står i ein krevande valgkamp for Arbeiderpartiet. 🥰

Hadia Tajik
2023-08-12 16:40:35

Roger Myklebust har vore tillitsvald på arbeidsplassen i mange år, no er han ordførarkandidat for Lund Ap og kjem til å arbeide for sterke fellesskapsløysingar og betre kår for lokalt næringsliv🌹 Flott dag ilag med han, fylkesordførarkandidat Frode Berge, kandidat til fylkestinget Laine Elin Wold og lokale frivillige på Aurefestivalen i Lund kommune 🥰

Hadia Tajik
2023-08-10 08:24:23

Saknar du feriestemning? NRK har laga ein podkastepisode full av tøys og alvor om oppvekst, politikarliv, det å fiske og å vere på fest 💃🏻 Lenka finn du i kommentarfeltet 😎☀️ Håper du kjem i enda betre humør av å høyre på. Ønsker deg ein god dag 🥰

Hadia Tajik
2023-08-09 20:08:55

Valgkamp i Haugesund og på Karmøy er kjekt 🥰 Barbiebildet er berre eit blikkfang for møtet som lokale kandidatar og eg hadde med Edda Kino, for å høyre om planane framover. 🤓 Ellers var det treff med Haugaland næringspark, AOF i Vestlandet og Agder, Hydro på Karmøy og med medlemmar og tillitsvalde i Haugesund. Der snakka med om kva som står på spel ved valet i haust, om prøveprosjektet med heildagsskule ved Austrheim skule i Haugesund og oppstart på bygging av ny Haraldsvang ungdomsskule. Ap lokalt fekk kommunen ut av økonomisk trøbbel då dei overtok for fleire år sida. No...

Hadia Tajik
2023-08-08 12:52:14

Ja, eg skal vere med i Skal vi Danse 💃🏻😄\nEg elskar å danse. I mange år har eg fulgt med på programmet og hatt lyst til å vere med. Det ser både krevande og skikkelig moro ut! Det er mange spreke deltakarar i programmet denne hausten, men proffdansar Jone Snilstveit og eg har som mål å vere det paret som har det mest GØY på parketten 🤩\n\nHonoraret for å delta vil bli direkte utbetalt til Stiftelsen Ingrid Aunes minnefond. Ingrid var ei god venninne som gjekk bort i ei båtulykke sommaren 2019. Ho var òg ordførar i Malvik kommune. Eg...

Hadia Tajik
2023-08-04 19:27:00

Fin tur innom AUF sin sommarleir på Utøya 🥰 Kjekt å møte så mange frå AUF i Rogaland sin delegasjon, Hannah Hope! Og inspirerande panelsamtale om klimapolitikk med leiar for Naturvernforbundet, Truls Gulowzen og bystyrerepresentant Fawzi Abdi Warsame frå Oslo 🌹✊🏻 Ønsker alle på Utøyafestivalen minnerike og gode dagar saman ☺️

Hadia Tajik
2023-07-30 16:42:15

Møtte ein altfor tam sau… 🐑 som ville ete på både buksebeinet mitt og matpakka mi! 😳

Laster...
Laster...