Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
I ei tid med mykje populisme og enkle forklaringar er det nyttig å kunne si historie. Det kan verkleg Jonas Bals. I ein kommentar i Dagsavisen viser han kor fort gjort det er å gå ytre høgre sitt ærend. Å setje opp ein stor konflikt mellom «globalistar» på den eine sida og «stedbundne» på den andre (somewheres/ anywheres), har blitt gjort før. \n\nI teksten skriv Bals mellom anna om korleis denne analysen: «…har vært preget av en stadig stigende moralsk panikk over kulturelt mangfold, der helt reelle problemer knyttet til arbeidsløshet, fattigdom og en klasseblind politisk klasse reduseres til et spørsmål om innvandring, «verdikamp» og kultur. Den tilsynelatende antielitistiske kritikken hans viste seg, ikke særlig overraskende, å passe perfekt inn i den hovedkonflikten ytre høyre med stort hell har tegnet opp de siste årene.»\n\nLes meir i lenka i kommentarfeltet (Bals har òg nyleg gitt ut ei kritikarrost bok om antifascismen frå 1865-1940. Eg lenkar til boka òg).

Postet:
2023-10-09 15:48:03

Delt innhold: