Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2019-09-07 17:31:57

Happy Pride i Stavanger i dag! 🤩🌈

Hadia Tajik
2019-09-04 15:22:24

Eg vert kjefta opp av Høyre-ordføraren i Herøy kommune i Dagens Næringsliv i dag, for å seie at kvinner må stille krav til kommunen sin. Han skuldar meg for å «kome frå Oslo» med «pålegg» til «kystkvinna». Sjå svaret mitt her.

Hadia Tajik
2019-09-04 07:07:23

Vakna i natt av at trudde eg støtt var i ein intens debatt mot ein politisk motstandar. Var greitt å innsjå at det berre var ein draum! Men no er det morgon att, og det er fint å sjå at pilane for Ap peikar rett veg! https://www.tv2.no/nyheter/10824160/

Hadia Tajik
2019-09-01 09:30:43

I valgkampinnspurten har me opplevd mykje rart. Då Terje Søviknes (Frp) kom med eit usportsleg angrep mot Jonas, slo Bjørnar og eg tilbake med politikk. Sjå her.

Hadia Tajik
2019-08-30 09:41:05

Kva sterke marknadskrefter allereie gjer med det offentlege helsevesenet, veit overlege Tilde Broch Østborg mykje om. Ho er òg listekandidat i Stavanger denne hausten. Her kan du høyre kvifor hennar erfaringar som lege gjer at ho er sosialdemokrat.

Hadia Tajik
2019-08-29 22:53:58

Skikkeleg fin video av ei dyktig dame som gjer ein viktig forskjell i landets største by 🤩 her kan du verte betre kjent med Kamzy Gunaratnam, varaordfører i Oslo!

Hadia Tajik
2019-08-29 13:05:09

50.000 kvinner ynskjer å jobbe meir - det får dei ikkje i dag. Desse har Arbeiderpartiet framtidsretta løysingar for. Alle som vil jobbe meir må få moglegheiten til det. Les meir i lenka. https://frifagbevegelse.no/nyheter/50000-kvinner-onsker-a-jobbe-mer-men-far-ikke-muligheten-her-er-arbeiderpartiets-losning-6.158.646471.53dab4145a

Hadia Tajik
2019-08-28 07:51:23

Var heime og ferdig med partiarbeid i går i 22-tida. På flytoget i dag 0710, på veg til Molde. Heldigvis tok Kristian ansvar og laga frukostmatpakke til meg: To brødskiver med smør og kvitost, akkurat slik eg likar det 😍

Hadia Tajik
2019-08-26 08:43:13

Syng du i bilen? Det gjer eg. Høyr i lenka under. Der kan du òg sjå Linn Wiik frå TV2 stille meg mange rare spørsmål... eg svarer så godt eg kan. https://www.tv2.no/v/1486592/

Hadia Tajik
2019-08-25 20:55:01

Bjørnar og eg møtte for nokre veker sia to grepa damer på Røed bo- og omsorgssenter i Arendal som nett har fått auka stillingsprosent. Dette er ein kampsak for Arbeiderpartiet! Sjå meir i denne videoen her.

Hadia Tajik
2019-08-22 08:38:24

I går fekk eg vere vitne til signeringa av to klimakontraktar! Ordførarkandidatane i Gran og Nordre Land for Arbeiderpartiet vil ha høge og konkrete ambisjonar for lokalsamfunnet sitt. Har kommunen din ein klimakontrakt med innbyggjarane sine?

Hadia Tajik
2019-08-19 22:46:51

Har du bestilt mat heim med Foodora før? Visste du at syklistane der no er i streik for å få tariffavtale? Det er eit ganske grunnleggjande krav. Ny teknologi gjev oss mange kjekke moglegheiter, men det vert ikkje mindre viktig å ha ei lønn å leve av og ordna arbeidsforhold. Difor held eg med arbeidsfolka i Foodora - og ynskjer dei alt godt med streiken. https://frifagbevegelse.no/magasinet-for-fagorganiserte/foodorasykkelbud-gar-ut-i-streik-for-tariffavtale--vi-er-veldig-motiverte-6.158.644547.04a7075317?fbclid=IwAR1T_P2hRlyc2yKnmlsNzvBI2k2KkFE4hd7QtaaYDqHsqBnnIF_jjaxQPKg

Hadia Tajik
2019-08-17 14:05:12

Denne veka har eg vore på jobb i: Kristiansand, Grimstad, Lillesand, Arendal, Lyngdal, Flekkefjord, Randaberg, Stavanger, Stord, Sveio, Haugesund, Karmøy, Tysvær. Møtt mange flotte folk! No skulle eg heim. Eg må innrømme at eg har sett fram til det. Men flyet er forsinka. Fugl i motoren. Uklart når me kjem oss avgårde. Eg er på veg til å verte forkjøla og har trøysta meg med potetgull. God helg.

Hadia Tajik
2019-08-16 07:31:33

Strandsonen må vere for alle. Forbudet mot bygging der er uthula gjennom mange år. No trengs lokale politikarar som vil sikre alle sine rettar, slik at ikkje berre pengesterke kan eige og nytte seg av strandsona.

Hadia Tajik
2019-08-12 21:44:31

Byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen har klare tankar om korleis me bør arbeide mot høgreekstremisme. Det er av smertefull erfaring. I dag gjorde han og eg eit intervju ilag. Det kan du lese her. https://www.dagbladet.no/nyheter/jeg-var-naiv-etter-22-juli/71483917

Hadia Tajik
2019-08-11 10:09:51

Eid mubarak. I dag er det høgtiden Eid al-Adha. Det er ein stor dag for muslimar. Men det siste døgnet har nok gjort mange nordmenn urolege: Ein moské vart angripen av ein person som ser ut til å ha hylla gjerningsmannen bak terroråtaka i Christchurch, New Zealand på eit nettforum. Det åtaket var òg mot ein moské, og 51 personar vart drepne. Muslimhat og hat mot innvandring finst òg i Norge. PST har i fleire år omtalt auka aktivitet blant høgreekstreme i sine opne trusselvurderingar. Sett i samband med det som skjedde i går er det eigna til å spreie...

Hadia Tajik
2019-08-10 19:12:31

Forferdeleg å lese om skyting i moské i Bærum. I morgon er det Eid, ei viktig høgtid for muslimar. Det er viktig å gje politiet ro til å etterforske og klarlegge motivet til gjerningsmannen. Varme tankar og støtte til alle som er medlemmar hjå moskeen, og andre som kjenner på frykt eller uro etter ei slik hending.

Hadia Tajik
2019-08-10 08:47:36

Arbeiderpartiet støtter ikkje lenger politireformen. Les meir her. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/rAewP0/ap-trekker-stoetten-til-politireformen-gaar-i-feil-retning?utm_source=vgfront&utm_content=row-1&utm_term=df-86-d39f688c%3Adf-86-d3d92703

Hadia Tajik
2019-08-07 15:57:56

Venner av Ingrid Aune har stifta eit minnefond som skal bidra til merksemd om, og pengar til, tema som stod hjartet hennar nært: Nedrusting, arbeid for fred, kvinner i konflikt - og likestilling. Fondet er oppretta i samråd med familien. Klikk på lenka for å lese meir om Ingrid, fondet og arbeidet framover. Der kan du òg gje ei pengegåve til fondet om du vil.

Hadia Tajik
2019-08-06 20:54:05

Lik og del? Ein kort video om den offentlege skulen, som skal vere god, gratis og felles for alle barn.

Laster...
Laster...