Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Eid mubarak. I dag er det høgtiden Eid al-Adha. Det er ein stor dag for muslimar. Men det siste døgnet har nok gjort mange nordmenn urolege: Ein moské vart angripen av ein person som ser ut til å ha hylla gjerningsmannen bak terroråtaka i Christchurch, New Zealand på eit nettforum. Det åtaket var òg mot ein moské, og 51 personar vart drepne. Muslimhat og hat mot innvandring finst òg i Norge. PST har i fleire år omtalt auka aktivitet blant høgreekstreme i sine opne trusselvurderingar. Sett i samband med det som skjedde i går er det eigna til å spreie frykt og uro. No er det viktig å sikre tryggleiken til alle. Politiet melder at dei har trappa opp beredskapen i samband med Eid-feiringane i dag. Det er bra, sjølv om det er til å verte fortvila over at det er naudsynt. Ein anna del av tryggleiken vår er å ta hatet på alvor, ved å ikkje akseptere ei inndeling i «oss» og «dei andre». Det gjeld kvar einaste dag. Men særleg i dag. God Eid til alle.

Postet:
2019-08-11 10:09:51