Beta
Søket ga 308 treff.
Olve Grotle
2022-04-28 19:51:30

Var gjest på årsmøtet til Vestnorges Fiske-salslag, og snakka om korleis havvind og fiskeria kan få til ein god sameksistens🤝\n-Skal fiskeria sine interesser bli godt tatt vare på må Samarbeidsforumet for vindkraft, som den førre regjeringa oppretta, få komme i aktivitet igjen!\n\nGodt og konstruktivt møte, kor positive og hardtarbeidande fiskarar som har stor omtanke for dei evigvarane fiskeressursane våre, gav klare og gode tilbakemeldingar☝️\n\nTil slutt fekk eg både klippfisk av super kvalitet og ei bok om klippfisk😋\n\nhttps://www.firdaposten.no/fare-for-at-fiskerinaringa-kan-bli-overkoyrd-av-havvind-interessene/s/5-16-591771

Olve Grotle
2022-04-28 18:21:25

Endå ei supermåling🤩 28,3% til Høgre og klart borgerleg flertal!\n\nEg trur vanlege folk vil ha ansvarleg, stabil og god styring i ei uroleg tid.\n\nDette gir inspirasjon til å stå på vidare💙

Olve Grotle
2022-04-26 17:13:50

Norge kan få 210 000 nye arbeidsplassar i 10 eksportretta muligheitsnæringer, innan 2030. Dette i følge McKinsey-rapporten «Norge i morgen», som kom ut for kort tid sidan. Men skal vi greie å utvikle framtidas næringar, treng vi òg framtidas kompetanse.\n\nI dag tok stortingsrepresentant Tore Vamraak (H) dette opp som tema i Stortinget. I innlegget mitt snakka om kor viktig Høgskulen på Vestlandet, her medrekna campusane i Sogndal og Førde, er for høgare utdanninga i regionen vår. \n\nEg nemnde òg at HVL utdannar 400 ingeniørar kvart år, og er dermed den største utdanningsinstitusjonen for ingeniørfaga etter NTNU.\n\nSå kunne eg også opplyse...

Olve Grotle
2022-04-26 08:21:25

Solberg-regjeringa sin Gamvik-modell er tilbake på sporet, og nå kan kommunar søke om støtte👍 Viktig og bra for gutar og jenter som vil inn i fiskaryrket🐟\n\nEtter at Høgre tok opp saka i Stortinget, og etter at SV la press på Støre-regjeringa, blir Gamvik modellen likevel ikkje skrota slik AP og SP opphaveleg hadde bestemt. Bra at regjeringa måtte snu, men uforståeleg og lite gjennomtenkt at den ville vrake ei så god, populær og rimeleg ordning.

Olve Grotle
2022-04-23 15:00:51

Solberg-regjeringa sitt test- og øvingssenter mot akutt forureining i arktis skulle vere i Hadsel i Vesterålen. Nå vil AP og Sp, som i valkampen snakka om sentralisering på inn- og utpust, heller ha det i Horten😳 Hadsel-ordfører Aina Nilsen (Sp) gir klar beskjed; -Jeg er forbannet😡

Olve Grotle
2022-04-21 16:34:07

Kystkultur, fiskeri, fiskeindustri, det grønne skiftet, og paneldebatt i Nordens Paris i dag🦐🐟😊

Olve Grotle
2022-04-12 13:12:11

God journalistjobb frå Firda. Det viser seg altså at Raudt-toppar i Sogn og Fjordane er medeigarar i Steigan.no. Nettstaden som har fått sterk kritikk for å publisere prorussisk propaganda. Raudt er som kjent sterke NATO-motstanderar, og er nå (etter at SV har snudd) det einaste partiet på Stortinget som ikkje vil gi Ukraina våpenhjelp. Raudt har tatt avstand frå Russland sin angrepskrig i Ukraina, men dette er mildt sagt problematisk.

Olve Grotle
2022-04-09 08:51:20

God morgon☕️ Beste måling sidan 2013💙😊

Olve Grotle
2022-04-07 16:53:32

Politikk nyttar! I vinter fremja Høgre eit representantforslag om at Stortinget skulle fastsette ein nullvisjon for dødsulykker for fiskarar, slik vi har i vegtrafikken.\n\nSaka har vore til behandling i nærings-komiteen. Her har det vore eit godt samarbeid, kor alle parti har slutta seg til nullvisjonen. Det er òg lagt til grunn at nullvisjonen skal vurderast å gjelde andre næringar til havs, slik fiskeri- og havminsteren opplyste han ville gjere.\n \nI dag blei saka behandla i Stortings-salen, og eg hadde gleda av å fremje eit fellesforslag på vegner av alle partia på Stortinget. \n\nForslaget vil bli vedtatt i morgon samrøystes👏👏👏\n\nDet er...

Olve Grotle
2022-04-05 16:57:25

Viktige gjennomslag i Stortinget i dag: Fem vedtekne forslag frå Høgre for å få raskare og betre rassikring. Vi vil ha gode og trygge vegar 🚙😊\n\n🔵Heilskaplege, nasjonale ras og skreidsikringsplanar før utgangen av 2023\n🔵Skredfaktormodell blir basert på to sikringsnivå\n🔵Innovasjonsprogram for skredsikring\n🔵Optimalisering av driftskontrakter\n🔵Insentivordning for utgreiing, installering og drift av forebyggende skredkontrollanlegg og varslingssystemer.

Olve Grotle
2022-04-04 17:48:19

Ny supermåling for Høgre💙 Suverent størst parti, og borgarleg fleirtal🤩

Olve Grotle
2022-04-03 19:31:16

Sidan Jan Tore Sanner gjekk av som nestleiar i Høgre i dag, snakka eg litt om kommune-reforma og den strålande jobben han gjorde med å få på plass mange nye, sterke og gode kommunar💙

Olve Grotle
2022-04-03 12:18:40

Gratulerer til Henrik Aasheim som ny 1. nestleiar for Høgre💙💐👏👏👏

Olve Grotle
2022-04-03 09:29:12

Søndag morgon, på Høgre sitt landsmøte: Tidlegare forsvarsminister, utanriksminister, og nåverande leiar av Stortinget sin utanriks- og forsvarskomite, Ine Marie Eriksen Søreide snakkar engasjert og klokt om det som skjer akkurat nå; om krigen i Ukraina og kor viktig NATO er som berebjelke i forsvaret vårt🇳🇴🇺🇦

Olve Grotle
2022-04-02 22:10:17

Midt under landsmøtet til Høgre, kjem han på skjermen. Frå ein bunkers i Ukraina. Borgermeisteren i Kyiv, Vitalij Klitsjko, har fått Høgre og Sjur Lindebrække sin pris for demokrati og menneskerettar. Sterk og rørande🇳🇴🤝🇺🇦

Olve Grotle
2022-04-02 11:40:34

Høgre sitt landsmøte 2022 er begynt💙Erna startar med å snakke om det grusomme og folkerettsstridige angrepet på Ukraina, og dei store lidingane folket der lir nå. Så sterk kritikk av Putin, og deretter kor viktig NATO er for eit lite land i nord🇳🇴🤝🇺🇦

Olve Grotle
2022-04-01 17:07:08

Minnestund for avdøde Kåre Willoch på Høyres Hus, der Håkon Gullvåg sitt portrett av den store statsmannen blei avduka💙

Olve Grotle
2022-03-31 20:55:20

Kan ein bruke ein heil dag på foredrag og paneldebatt om skreien? Ingen problem🤩 Vesterålen Skreifestival – som går over fleire dagar - er dedikert til denne gullande reine fisken, med den saftige levra og potente rogna, som særleg folk her nordpå har livnært seg på i generasjonar🙌

Olve Grotle
2022-03-30 12:25:25

Paneldebatt på Sjømatdagane på Scandic Hell i Stjørdal. Nå reiser vi tilbake til Oslo og den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj si tale til Stortinget.

Olve Grotle
2022-03-25 15:51:37

Har fått kombinert interessa mi for juss 👩🏻‍⚖️ og fiskeri🐟, og har skrive innlegg i Fiskeribladet om administrativ inndraging etter hav-ressurslova §54. Sjølv om tidlegare fiskeri- og sjømatminister Odd-Emil Ingebriktsen har sett ei gang ei endring av paragrafen, kan den framleis vere i strid med EMK. Tvil kring dette må ryddast av vegen.

Laster...
Laster...