Beta
Søket ga 479 treff.
2022-08-21 13:34:47

Her er yndlingselvestrekninga mi inne i Søyådalen, ved Høgfossen (som ikkje er ein høg foss, men ein flott del av elva). På det andre biletet er Kjerringskravet, der elva går inn i ei smal renne, så smal at det blir sagt at ei kjerring kan skrava over der når det er lite vatn i elva.

2022-08-17 10:45:48

Dette er på Nordvik i Surnadal. Og plassen heiter... ja, nettopp: Plassen. #nordvik #surnadal #nordmøre

2022-08-13 17:28:13

Farleg, men flott å sjå til! #sopp #nordmørssommer #nordvik #haltbakkan

2022-08-12 15:47:14

Denne kantarellen står faktisk under vatn. Eg tykte synet fortente å bli foreviga, saman med skogen og himmelen som speglar seg i vatnet. #kantarell #sopp #nordmøre #skog

2022-08-02 19:08:37

Vakkert tre i skoddeheimen #skodde #gråvær #furu #nordmøre #surnadal #nordvik

2022-08-01 18:54:02

Bittelita furu som får myrulla til å sjå stor ut, men så kjem hunden og rettar opp inntrykket 😅 #myrull #furu #hund #skodde #surnadal #nordmøre

2022-07-29 12:25:40

Endeleg sol! #skog #hund #sommar

2022-07-12 16:46:20

Eg må le! Eg rotar i ei gammel mappe frå barneskulen og fann dette frå eg var tolv år. Eg lurer på kva læraren tenkte om det som heng ned mellom beina på figuren. Eg meinte sikkert den gong som no at det er viktig å ha ballar😂 #artig

2022-07-04 10:26:22

Farstadsanden i Hustadvika kommune er rett og slett ein utruleg vakker stad! #farstadsanden #hustadvika #hustadvikakommune #møreogromsdal

2022-07-02 10:14:57

To flotte og kosete kyr på beite på indre Nordmøre #ku #dyreliv #norsklandbruk

2022-06-09 22:37:15

Mellom gravene i #vårfrelsersgravlund #oslo

2022-06-08 21:47:49

På sommaravslutning saman med vår kjære Trygve og ein heil haug med andre gaue folk. Triveleg kveld😊 #senterpartiet

2022-06-08 10:36:12

Siste huset før Østbødalen går over til å heite Søyådalen. Same fine dalføre #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #søyådalen #østbødalen

2022-06-07 21:00:31

Frå Søyådalen i helga, rett før ein kjem til Mellingsetra. Trollhøtta bak, Blånebba til venstre. #søyådalen #trollhøtta #blånebba #surnadal #nordmøre

2022-06-06 19:57:28

Naturens smykkeskrin baud på vakre vassperler i helga #vassdropar #dogg #naturlegpynt

2022-06-05 21:04:03

Ved Mellingsetra i Søyådalen i dag🌿 #surnadal #søyådalen #vår

2022-05-25 21:21:12

Eg vart kåra til dronninga av kvardagstabbar av BT i 2013 fordi eg er så distré🙈 Sidan har eg gitt ut bok om same tema. Dagens reklame: Eg sender boka signert til den som bestiller via direkte melding, 199 pluss porto. Pinlege og artige historier om både kjente og ukjente surrehuer:) #dønndistré #distré

2022-05-24 21:51:05

Kveldens mimrebilete. Tatt ein stad mellom Ulsteinvik og Flø for fire år sidan. Vakkert!

2022-05-23 19:45:22

Koselege Damstredet #oslo #damstredet

2022-05-22 22:22:14

Artige og nyttige vesen som et og ryddar kratt utan å vita at dei gjer ein kjempejobb. #geit #kratt #ryddejobb

Laster...
Laster...