Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Her er yndlingselvestrekninga mi inne i Søyådalen, ved Høgfossen (som ikkje er ein høg foss, men ein flott del av elva). På det andre biletet er Kjerringskravet, der elva går inn i ei smal renne, så smal at det blir sagt at ei kjerring kan skrava over der når det er lite vatn i elva.

Postet:
2022-08-21 13:34:47