Beta
Søket ga 479 treff.
2022-10-18 17:31:25

Ved første augekast trudde eg det var eit anna organ enn nasen som skulle testast🙈😂 #naseellerkjønnsorgan #komisk

2022-10-14 17:35:04

Årets prosjekt er å bade kvar dag eg er heime (heilt til holka gjer det umogleg). Dagens badetemperatur er deilige 6,5 grader🤩 #bading #fjord #haust

2022-10-13 19:02:38

I dag deltok eg på den årlege Ulldagen på Næringslivets hus i Oslo. Der vart saueklipping demonstrert - til stor interesse også blant dei som ikkje deltok på konferansen. Eg vaks opp med sau og saueklipping heime på småbruket vårt, og har eit særleg engasjement for sauen. Ulla er ein viktig ressurs og råvare for norsk industri. Det er viktig at det blir avla sau med god ull og at bonden tener nok på ulla til at det er verdt å halde på med dette. Sjekk kor flink saueklippar Ruth Jane Rossevatn er med klippinga:) #sau #norsklandbruk #ull

2022-10-11 22:58:20

#haust #vårfrelsersgravlund

2022-10-08 18:03:24

Fantastisk fargeprakt i gravlunden #haust #vårfrelsersgravlund #oslo

2022-10-03 21:28:02

Spesiell stemning ein mørk haustkveld når det er lyssetting på og ved Akerselva🍂 \n\n(Trykk for fleire bilete. Instagram tvangskutta det første biletet litt, så det vart litt mindre fint enn det var😅 .) #oslo #akerselva #haust

2022-10-02 19:56:38

Advarsel: Her er det middelaldrande kroppsmasser i bevegelse😅 Men konklusjonen er enkel: Å danse er dritgøytt også om ein er berre i sitt eige selskap. Som her, til "Dans dans dans" av Odd Nordstoga🤩 #dans #dansdansdans

2022-10-01 16:04:11

Altså, skal eit kvinnfolk først ha eit sitteunderlag, passar det vel svært godt med ei musmatte😆😅 Eg slit med at eg stadig sklir av skinnstolane i den staselege stortingssalen. No er problemet løyst, sjølv om somme kanskje kan finne løysinga litt vulgær 😂 #stortinget #musmatte #sitteunderlag

2022-09-30 18:46:09

For omlag ei veke sidan fekk eg gleda av å vera med på saueleiting - og å drive nedover nokre trivelege kviger eit stykke. Saueleiting er bøndene naturleg nok glade for å få hjelp med. Dei som er med, er garanterte å få god trim og å kjenne seg nyttige - og kanskje får ein nærkontakt med ein kosete sau eller tre på kjøpet. #sau #saueleiting #viastua #todalen #nordmøre #surnadal #landbruk

2022-09-29 11:50:01

Fin tur til steinløå på Steinslettet, oppi fjellsida ovafor Østbødalen mot Knyken. Også Rusky likte utsikta. #haust #steinløa #østbødalen #knyken #trollheimsporten #nordmøre #møreogromsdal #norway @_ingveig

2022-09-28 22:22:46

Same dato for tre år sidan. Utsikt over Haltbakkhavet. #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway

2022-09-27 11:49:31

Haust langs Todalsfjorden og på Nordvik #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #haust #fjordlandskap #fjord #fjell #norway

2022-09-26 15:00:33

Fine skapningar på plenen heime #sopp #haust

2022-09-26 09:57:03

Gammel låve i Haltbakkan ved Todalsfjorden i Surnadal #gamledagar #haust #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #gamledager

2022-09-25 16:52:38

Nordvik sett frå Haltbakkan. Halt er dialekt for hassel, og her er hassel med på å ramme inn motivet. #nordvik #surnadal #indrenordmøre #nordmøre #møreogromsdal

2022-09-23 18:50:23

Nokre glimt frå Botanisk hage i Oslo denne veka #botaniskhage #botaniskhageoslo #oslo #haust

2022-09-22 20:16:47

Sandefjords Blad reklamerer for boka mi i dag, veldig kjekt 😊 "Dønn distré. Eller berre litt surrete." Les meir på det andre biletet. #dønndistré #distré #boktips

2022-09-15 19:30:32

Kjekt med besøk av landbruksminister Sandra Borch på Tingvoll nyleg! Tingvollost med sin verdsmeister Kraftkar, drikke frå Tingvoll Sider og fine genserar frå Tingvoll Ull er å sjå på bileta #lokalmat #norskull #sider #tingvollost #tingvollull #tingvollsider #senterpartiet

2022-09-03 20:07:01

Her er dei sjarmerande og flott restaurerte seterhusa på Ranessetra og utsikta utover sjølvaste Surnadalen. #ranessetra #surnadal #nordmøre

2022-08-27 14:43:30

Måtte gi folka på Sandfærhus parkering ved Værnes boka mi om å vera distré. Her representert ved blide Martin Sperre. (Reklamevarsel: Boka er verdt å lesa for dei som vil ha underhaldning😆) Den trivelege gjengen fortener ei bok etter at eg har gløymt koffertar og skjerf hos dei og til og med skulda dei for å ha rota bort bilen min ein gong eg kom dit og den mangla. Bilen stod pinleg nok i Molde - eg hadde berre gløymt at eg flaug derifrå sist eg reiste😅🙈 #distré #dønndistré #sandfærhus #sandfærhusparkering #værnes

Laster...
Laster...