Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
I dag deltok eg på den årlege Ulldagen på Næringslivets hus i Oslo. Der vart saueklipping demonstrert - til stor interesse også blant dei som ikkje deltok på konferansen. Eg vaks opp med sau og saueklipping heime på småbruket vårt, og har eit særleg engasjement for sauen. Ulla er ein viktig ressurs og råvare for norsk industri. Det er viktig at det blir avla sau med god ull og at bonden tener nok på ulla til at det er verdt å halde på med dette. Sjekk kor flink saueklippar Ruth Jane Rossevatn er med klippinga:) #sau #norsklandbruk #ull

Emneknagger:

Postet:
2022-10-13 19:02:38