Beta
Søket ga 308 treff.
Olve Grotle
2022-11-09 22:12:35

Lesverdig skildring av Erna-touren i Sogn og Fjordane🙌

Olve Grotle
2022-11-09 21:20:03

Veldig motiverande måling💙

Olve Grotle
2022-11-09 12:27:27

Kva hadde Støre og Vedum gjort viss eit skatteforslag hadde ført til 16 000 permiterte i Oslo? Nå må regjeringa utsette lakseskatten slik at vi kan få ei skikkleg og forsvarleg saksbehandling av skattereglane for ei av dei viktigaste (distrikts-)næringane vi har!

Olve Grotle
2022-11-05 17:13:15

Gratulerer til Daniel Hildenes som ny leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, og takk for innsatsen til avgåtte leiar Håkon Skram Heggen 💐👏👏👏 Kjekt møte med dyktige og engasjerte ungdomspolitikarar, som ser fram til valkampen og valet neste år🧢😊

Olve Grotle
2022-11-03 18:35:30

Lakseoppdrett for dummies, siste del\n\nDet er lenge sidan oppdrettarar stod på merkanten, og kasta lakseforet ut til laksen med ausekar.\n\nSlik ser Bolaks i Eikelandsosen sitt tilvekst-senter ut. Her har dei god kontroll på matfiskproduksjonen. Foring, fiskehelse og andre ting. Legg merke til bildet nede i høgre hjørne. Det er rett og slett ein laser som skyter lakselus🔫\n\nEtter 6-8 månader i sjøen, er laksen klar til å bli god og sunn mat for oss. Då har det gått 2-3 år sidan stamfiskane (foreldrefiskane) skapte den befrukta rogna. Tar du med tida det tar å få fram stamfisken, har de gått endå...

Olve Grotle
2022-11-02 21:14:03

Nå er det tid for fast og god styring, ikkje minst når det kjem til politi og beredskap. Då kan vi ikkje ha dette kaoset, kor dei to regjeringspartia sine fremste justispolitiske talspersonar kranglar for open mikrofon🤷🏻‍♂️

Olve Grotle
2022-11-02 17:30:57

Lakseoppdrett for dummies, del 2.\n\nAugerogna er kome til Sævareid Fiskeanlegg, som ligg innerst i Sævareidfjorden. Her skal den klekkast ut, bli til yngel og parr, før den etter 9-16 månader er blitt til laksesmolt. For å unngå ulike sjukdomar, blir den vaksinert i ei mildt sagt avansert maskineri💉\n\nSettefiskanlegga rundt om i landet kan levere laksesmolt i ulike storleiker, frå standard smolt på 100-150 gram til stor smolt på 400-900 gram.\n\nNå er ungfisken klar til å bli ein skikkeleg laks i sjø, og fer vidare til eit matfiskanlegg – gjerne med flott fjordutsikt⛵️

Olve Grotle
2022-11-02 12:52:30

Veldig for at migrenepasientar👍 Regjeringa må nå snu, og stoppe behandlingspausa av den nødvendige migremedisinen. Nå blir det slik som den migreneråka Monica Flølo frå Bygstad og legespesialisten hennar vil ha det😊

Olve Grotle
2022-11-01 18:05:53

Rekordmåling🤩💙

Olve Grotle
2022-11-01 17:38:51

Lakseoppdrett for dummies, del 1. \n\nNei, vi er Ikkje i Sunnfjord. Men i Sundfjord i Bjørnafjorden kommune. På Bolaks AS sitt stamfisk- og rogneanlegg, altså ein slags laksedating-møteplass😍\n\nHer møtest så stamfiskane (foreldrefiskane), og egg og mjølke blir blanda. Etter ca ein månad (220 døgngrader) vil to svarte prikkar dukke opp i egget. Det er auga til lakselarven, som blir kalla augerogn.\n\nKollega Ove Trellevik har god peiling, og her inspiserer han augerogn, som snart skal sendast til klekkeriet.

Olve Grotle
2022-11-01 08:49:48

God morgon☕️ Eg delar ordføraren i Solund, Gunn Åmdal Mongstad (SP), sitt innlegg om Sulefisk AS. \n\nInnlegget handlar om kor viktig selskap som Sulefisk AS er for lokalsamfunna, kva uvisse regjeringa sitt forslag til grunnrenteskatt har skapt, og at vi må ha ei ordning som både er leveleg og føreseieleg for dei som skal drive ei viktig næring framover. \n\nInnlegget viser òg at bekymringane skatteforslaget har skapt går over partigrensene.

Olve Grotle
2022-10-31 18:19:45

Har du lyst til å vere med å påverke norsk politikk, og særleg næringslivspolitikken? Sette dagsorden i samfunnsdebatten? Arbeide i det som (på meiningsmålingar) er det største politiske partiet i Norge? \n\nDå har du sjansen nå. Høgre søkjer etter næringspolitisk rådgivar. Du som er ser kor viktig næringslivet er for eit bærekraftig velferdssamfunn, at verdiar må skapast før dei kan delast, og at det må leggast til rette for verdiskaping, jobbskaping og ei grøn omstilling for næringslivet. \n\nVi ser sjølvsagt mest av alt etter vestlendingar, som alle veit har særskilte føresetnader for ei slik stilling😉 Austlendingar med røtter på Vestlandet...

Olve Grotle
2022-10-30 13:27:02

Høgre vil utsette heile grunnrente-skatten på laks, og det er svært viktig at normpris-modellen blir lagt bort så raskt som råd.

Olve Grotle
2022-10-26 14:05:55

Linda H. Helleland, Helge Orten og eg skriv i VG om den kritikkverdige måten regjeringa la fram forslaget om lakseskatten. \n\nFinansminister Trygve Slagsvold Vedum har i dag tatt eit steg tilbake i saka, og det blir nå lagt opp til ei meir forsvarleg saksbehandling. Regjeringa ønskjer nå òg ei ordning med brei støtte i Stortinget. \n\nHøgre takkar sjølvsagt ja til invitasjonen frå finansministeren. Vi vil bidra til å få til ei ordning med brei støtte i Stortinget. Men då må òg Arbeiderpartiet og Senterpartiet vere villig til å lytte til innspela frå Kyst-Norge og vise vilje til å gjere reelle...

Olve Grotle
2022-10-23 12:23:28

- Konsekvensene av å «ta» penger fra hav-folket og «gi» dem til sentralmyndighetene i Oslo vet ikke jeg. Men å tro at dette ikke vil medføre endret investeringsevne er det Stoltenberg for noen år siden kalte «voodoo-økonomi.\n\nLitt langlesing ein søndag. Først nokre interessante (nye) tankar kring opphavet til namnet på landet vårt. Så i forlenging av det: Kva havet og den blå økonomien har hatt å seie for oss, og kva avgjerande rolle den vil ha i framtida. \n\nAudun Wickstrand Iversen er «fremtidsanalytikar» i DNB, og har tidlegare vore stipendiat, byråkrat og finansanalytikar, samt grunder, styreleiar og dagleg leiar i...

Olve Grotle
2022-10-22 14:22:33

Travel og kjekk arbeidsveke!\n \nMåndag var det Statsbudsjett-høyring i Næringskomiteen heile dagen, og deretter kveldsmøte med Norsk Sjømat og Sjømatbedriftene.\n \nTysdag var sett av til komitemøte og anna arbeid, før eg reiste til Førde for å vere med på nominasjonsmøte i Sunnfjord Høgre.\n \nOnsdag opna eg den munnlege spørjetimen i Stortinget. Her stilte eg fiskeri- og havministeren fleire spørsmål om lakseskatten. Eg har lagt ved video av første spørsmålet. Resten ligg på nettsida til Stortinget.\n \nTorsdag og fredag var Erna-tour i Sogn og Fjordane. Hovudfokus på næringsliv, utdanning, helse og alderdomsvennlege samfunn. Godt førebudde og innsiktsfulle innlegg i Florø, Svelgen,...

Olve Grotle
2022-10-21 12:27:34

Jadå, jadå. Loen skylift. Ingen over, ingen ved sida🙌 Vågale og enormt spenstige investeringar som (nesten) berre stryningar kan få seg til å gjere. Arbeidsplassar, verdiskaping, distriktsutvikling og suksess💐👏👏👏Og dei har nye prosjekt dei vil realisere👍 Så la oss nå legge til rette for at næringslivet kan få utført samfunnsoppdraget sitt🤝😊

Olve Grotle
2022-10-21 11:24:54

Dag 2 av Erna-touren💙Stryn. Buketten, demensavdelinga på sjukeheimen. Aldersvennleg samfunn, aktivitet for eldre og demenspolitikk. Viktige tema😊

Olve Grotle
2022-10-20 16:56:06

Erna-touren til Eid nå, kor kompetanse, desentralisert og fleksibel høgare utdanning var hovudtema. Og så ein tur innom Nordfjord Opera sjølvsagt💃

Olve Grotle
2022-10-20 14:47:40

Besøk hos Steinvik Fiskefarm i Svelgen. Imponerande anlegg til over 650 millionar kroner. Nye investeringar \nfor 1,2 mrd ligg klare, men kan ikkje realiserast med dei skattereglane regjeringa har kome med. Erna er stjerna, som de ser🤩💙

Laster...
Laster...