Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Travel og kjekk arbeidsveke!\n \nMåndag var det Statsbudsjett-høyring i Næringskomiteen heile dagen, og deretter kveldsmøte med Norsk Sjømat og Sjømatbedriftene.\n \nTysdag var sett av til komitemøte og anna arbeid, før eg reiste til Førde for å vere med på nominasjonsmøte i Sunnfjord Høgre.\n \nOnsdag opna eg den munnlege spørjetimen i Stortinget. Her stilte eg fiskeri- og havministeren fleire spørsmål om lakseskatten. Eg har lagt ved video av første spørsmålet. Resten ligg på nettsida til Stortinget.\n \nTorsdag og fredag var Erna-tour i Sogn og Fjordane. Hovudfokus på næringsliv, utdanning, helse og alderdomsvennlege samfunn. Godt førebudde og innsiktsfulle innlegg i Florø, Svelgen, Eid, Stryn og Førde, gav oss gode innspel og samtaler om viktig saker👏👏👏\n\nFor meg er det svært viktig at Erna og eg sjølv får gode og oppdaterte skildringar om tema som er viktig for oss som bur i Sogn og Fjordane, og eg må seie det er imponerande å sjå den entusiasmen, pågangsmotet og optimismen folk viser – sjølv om det ikkje er til å stikke under stol at utfordringane nå er større enn dei burde vere.\n \nNeste veke blir det mykje Bergen for meg. To dagar med Ove Trellevik i Bjørnafjorden og Bergen, før eg seinare i veka har sett av ein halv dag til møte og samtale med Sildesalgslaget. Det siste blir nesten litt gjensyn med min gamle arbeidsplass, Advokatfirmaet Harris, som ligg i same bygningsmasse - og med utsikt til Vågen🙌

Postet:
2022-10-22 14:22:33