Beta
Søket ga 82 treff
Sveinung Rotevatn
2020-09-19 17:44:47

Sist gong eg la ut bilete av ein fisk på sosiale medier fekk eg tips om at han ser større ut dersom eg held fisken nærare kamera. Difor kan eg no, direkte frå Vestlandet, presentere for alle mine følgjarar: Verdas største aure.

Sveinung Rotevatn
2020-09-18 11:20:16

Ut på tur.

Sveinung Rotevatn
2020-09-16 14:37:57

Regjeringa har fått ny uniform. Her øver @bakkejensen og eg på marsjering i felt.

Sveinung Rotevatn
2020-09-15 19:54:00

Når du held tale i strålande solskin 🌞

Sveinung Rotevatn
2020-09-11 11:51:15

Fredagslunsj i regjeringa sitt underutval.

Sveinung Rotevatn
2020-09-10 22:34:35

I dag var eg med på fredninga av Narvikfjellene krigshistorisk landskap. Kampane her i 1940 involverte norske, franske, polske, britiske og tyske styrkar. I 62 dagar kjempa dei. Til saman 8500 måtte bøte med livet. Og Narvik vart gjenerobra. Dette var første gong nazi-Tyskland gjekk på eit nederlag under Den andre verdskrigen. Men på grunn av krigshandlingane på kontinentet måtte dei allierte likevel trekke seg tilbake. Det gjorde sterkt inntrykk å sjå fjellområdet der nokre av dei tøffaste kampane gjekk føre seg. Spora er framleis synlege, i form av skytestillingar, magasin, skifellar og krater. No blir desse kulturminnene sikra for...

Sveinung Rotevatn
2020-08-19 11:21:26

Flørli-trappene har 4444 steg. Verdas lengste tretrapp. Vi nøyde oss med litt færre 😅

Sveinung Rotevatn
2020-08-17 13:40:15

I dag har eg hatt eit inspirerande møte med @mortenthorsby. Han engasjerer seg i klima- og miljøsaka, og no har han starta initiativet «We play green». Målet er å motivere til handling, og engasjere fleire - både i og utanfor fotballen - til å stoppe klimaendringane og ta vare på naturen. Takk for eit veldig godt møte, Morten! Og ikkje minst: Takk for Sampdoria-trøya eg fekk i gåve.

Sveinung Rotevatn
2020-08-15 15:41:43

Enkelte i familien har betre fiskelukke enn andre.

2020-07-29 16:49:24

At sola skin frå skyfri himmel når du går opp på Fløyen er sjølvsagt ingen garanti for at det ikkje HØLJAR når du skal ned igjen. #bergen

Sveinung Rotevatn
2020-07-23 18:54:08

Det finst sikkert større og gildare aurar. Men denne kreda er straight outta Rotevatnet.

Sveinung Rotevatn
2020-07-23 10:44:35

#Vestlandet #vestlandet

Sveinung Rotevatn
2020-06-28 15:07:32

Friluftslivsminister på tur. I dag fekk eg gleda av å opne - og ta første turen - på ei disse på Gildra heime på Eid. Luftig! #einstadistad #nordfjord

Sveinung Rotevatn
2020-06-27 13:24:11

Ny kamerat! Møt han (og meg) i laurdagsportrettet på Dagsrevyen i kveld.

Sveinung Rotevatn
2020-06-25 22:37:28

Skal det vere ei (ekstremt klimavenleg, sirkulærøkonomisk biogassanlegg-produsert) tomat?

Sveinung Rotevatn
2020-06-18 18:52:49

Klar for digital sommaravslutning med @venstre.no 😎🌞

Sveinung Rotevatn
2020-06-06 15:13:09

I dag blir det middag.

Sveinung Rotevatn
2020-05-29 10:56:12

På Stavangerbesøk med m.a. @kjartanalexanderlunde og Jan Erik Sønderland.

Sveinung Rotevatn
2020-05-24 16:11:46

På veg tilbake til Oslo etter ei super langhelg i Nordfjord. Med to flasker Attåt eplebrennevin og kje-kjøt frå Kandal i bagasjen.

Laster...
Laster...