Beta
Søket ga 198 treff.
Sveinung Rotevatn
2021-05-28 18:44:09

Sol, sommar og valkamp 🌞

Sveinung Rotevatn
2021-05-26 19:49:10

0,6 liter med pur glede.

Sveinung Rotevatn
2021-05-25 12:29:07

Til å bli glad av.

Sveinung Rotevatn
2021-05-24 19:03:37

Tre mil på ein andre pinsedag. 40 dagar til Jølster maraton. Kan det gå...? 😵

Sveinung Rotevatn
2021-05-17 13:53:13

Flott å sjå tredje gardekompani opptre på Slottsplassen! Nok ein merkeleg 17. mai, men enkelte tradisjonar ligg heldigvis fast. Minnene gjekk tilbake til då eg sjølv marsjerte opp folkehavet på Karl Johan for 14 år sidan. Ei stor oppleving! Gratulerer med dagen, folkens, og ein ekstra stor gratulasjon til alle store og små som er ute og marsjerer med instrument i dag. Det blir ikkje 17. mai utan korps 🇳🇴 #throwback #17mai #hmkg

Sveinung Rotevatn
2021-05-10 20:39:20

Mange planlegger å oppleve Noreg i sommar. Det gjer eg også. Dei to første vekene i juli har eg rett og slett tenkt å legge ut på ein nasjonalparkturné. Det skal eg gjere for å lære meir om naturforvaltning i praksis, oppleve mangfaldet av verneverdig natur og bli endå betre kjent med det vakre landet vårt. Eg rekk nok ikkje over alle 47 (!) nasjonalparkane våre på to veker, men eg skal forsøke å få med meg mange - og ikkje minst eit mangfald av naturtypar. Har du forslag til kor eg bør reise og kva eg bør sjå? Kom...

Sveinung Rotevatn
2021-04-30 17:52:11

Expecto Patronum! ⚡️

Sveinung Rotevatn
2021-04-19 12:32:20

Klar for #venstrelm

Sveinung Rotevatn
2021-04-12 19:38:43

Nye stiklingar i jorda, etter nokre veker i vatn. La det bli vår 🪴🌞

Sveinung Rotevatn
2021-03-28 13:25:57

Framleis ganske brukbare forhold i Nordmarka! Men no trur eg både snøen og skifellen syng på siste verset. Det er ikkje mykje positivt å seie om corona. Men alle dei avlyste konferansane, partimøta og jobbreisene har i det minste gitt meg sjansen til å gå meir på ski enn eg elles ville gjort. 17 skiturar i år er nøyaktig 16 fleire enn i fjor. Ein får setje pris på det ein får. Og no er det vår!

Sveinung Rotevatn
2021-03-13 16:44:05

Når snøen smeltar er det mykje rart som dukkar fram. I dag er den store Vårryddedagen, og frivillige over heile landet har vore ute på ryddeaksjonar. Sjølv plukka eg boss ved sjøen og langs vegen i Eidsvåg saman med ein gjeng frå Bergen Venstre. Også golden retrieveren Simba var med på aksjonen, men han var mindre interessert i å bli tatt bilete av.

Sveinung Rotevatn
2021-03-11 12:35:55

Sidan kultur- og likestillingsminister Abid Raja er i karantene, er eg sendt til Stortinget på vegner av regjeringa for å svare på kultur- og likestillingsspørsmål frå opposisjonen. Munnbindet reflekterer sektoransvaret og sinnsstemninga mi akkurat no.

Sveinung Rotevatn
2021-02-24 10:38:06

I dag tok eg morgonkaffien hos gjengen i P3morgen. Vi fekk snakka både om FNs miljøforsamling, koronaen sin påverknad på klimagassutslepp og ikkje minst MGP. Takk for praten, @martinlepperod og @adelinaibi! Foto: @nrkp3

Sveinung Rotevatn
2021-02-13 14:53:02

Då har nominasjonsmøtet i Venstre talt, og eg er vald som førstekandidat i Hordaland valkrins! Tusen takk for tilliten 🙂

Sveinung Rotevatn
2021-01-29 22:01:09

Det var gøy! Viss du ikkje fekk med deg sendinga, kan du sjå den her: https://tv.nrk.no/se?v=MUHH50000321 God helg! 🙂 Foto: Ole Kaland, NRK.

Sveinung Rotevatn
2021-01-29 14:01:41

Vil du også vere med og le? Nytt på Nytt kl. 21.10 🙂

Sveinung Rotevatn
2021-01-24 20:08:49

BankID har blitt eit nettroll.

Sveinung Rotevatn
2021-01-22 10:45:42

Ny lue 🥳

Sveinung Rotevatn
2021-01-09 08:53:52

God morgon! Og takk for utruleg mange kjekke tilbakemeldingar etter lanseringa av regjeringa sin klimaplan i går. Når både miljørørsla og næringslivet i all hovudsak meiner dette er bra, trur eg vi har truffe godt. Og det trur eg også viser at klimakampen ikkje lenger handlar om ja eller nei til velferd og jobbskaping, men om grønt skifte og arbeidsplassar for framtida. Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Og med den nye klimaplanen skal vi kome i mål. Eg ønskjer alle ei god helg, med godt skiføre. Måtte det bli mange slike også i åra framover.

Sveinung Rotevatn
2021-01-03 17:54:00

I dag fekk eg vere med då dei dyktige folka i Statens naturoppsyn lukkast med å spore opp og bedøve Deisjø-paret. Desse viktige ulvane blir no flytta langt inn i ulvesona, slik at dei ikkje blir felt under jakta i vinter. Det er viktig for å sikre ein levedyktig ulvestamme.

Laster...
Laster...