Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
Mange planlegger å oppleve Noreg i sommar. Det gjer eg også. Dei to første vekene i juli har eg rett og slett tenkt å legge ut på ein nasjonalparkturné. Det skal eg gjere for å lære meir om naturforvaltning i praksis, oppleve mangfaldet av verneverdig natur og bli endå betre kjent med det vakre landet vårt. Eg rekk nok ikkje over alle 47 (!) nasjonalparkane våre på to veker, men eg skal forsøke å få med meg mange - og ikkje minst eit mangfald av naturtypar. Har du forslag til kor eg bør reise og kva eg bør sjå? Kom gjerne med turtips i kommentarfeltet 😊

Postet:
2021-05-10 20:39:20