Innlegg:
– Familien får prisen på vegner av Narges Mohammadi, som sjølv sit fengsla i Iran. Ho får prisen for det iherdige arbeidet for å styrkja stillinga til kvinner og fremja menneskerettar og fridom. Fredsprisen er ei tydeleg anerkjenning av kva betydning menneskerettsforsvararar har for fred og demokrati, seier statsminister @jonasgahrs.\n\n \n– Undertrykkinga av kvinner i mange land, blant dei Iran, er grov og etter vårt syn klart i strid med dei internasjonale forpliktingane deira. Eg håpar at prisen vil inspirera kvinner og menn som jobbar for fred og demokrati under krevjande forhold verda rundt. Noreg har fleire gonger og over fleire år teke opp Mohammadis sak med Iran, og andre saker som hennar, inkludert soningsforholda. Eg har også sjølv teke opp situasjonen for kvinnelege MR-forsvararar, seier statsministeren.\n\nFoto: @ntb.no / Scanpix
Postet:
2023-12-11 17:12:29