Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Så var nok ei veke over. Det har vore ei spanande og innhaldsrik veke.\n\nEg drog inn til Oslo på sundag kveld, for å vera klar til finansdebatten i Stortinget frå måndag morgon. Statsrådane deler på å vera i stortingssalen. Eg var der frå klokka 10 til 13.\n\nSå gjekk turen attende til departementet for interne møter om ulike saker, mellom anna opptrappingsplan for bønder si inntekt som er ei sak eg har jobba mykje med sidan eg vart statsråd. Innimellom dette måtte eg ein tur ned på stortinget for å halde innlegg og svare på replikkar frå opposisjonen.\n\nPå kvelden var det debatt på NRK Dagsnytt 18 om potet, toll, pris og beredskap.\n\nStatsbudsjettet vart vedteke seint på kvelden. \n\nPå tysdag formiddag hadde eg eit innlegg på den nasjonale jordvernkonferansen. Ettermiddagen gjekk med til regjeringskonferanse. Kvelden ble brukt til alenetid på kontor. Det er kjedeleg – og naudsynt – det.\n\nPå onsdag morgen hadde eg det faste teamsmøtet med ordførarane våre i Rogaland og interne møter i departementet. Det ble en kjapp tur til Kongsgården på Bygdøy for å lansere den nasjonale genressursstrategien. Her fikk eg tilbud om å ri på en Nordlandshest. Siden politiker på hest i dress ikke er noe pent syn – så valgte eg heller å klappe den. Etterpå var det møter i med folka våre i næringskomiteen på Stortinget og gruppemøte i Senterpartiet.\n\nPå kvelden var det debatt først på TV2 så på NRK Dagsnytt 18 om mat i julegåve, kosthald og matprisar. Og før og etter dette var eg på julekaffe med matpolitisk avdeling i departementet. Der var det god mat, mange sanger (der blant annet denne statsråden fikk gjennomgå litt) og taler.\n\nPå torsdag startet eg dagen med å kjefte litt på Nationen som hadde trykka ein kommentar om at eg hadde eierskap i kyllingproduksjon. Det veit dei eg ikkje har og det innrømma dei, men å få forståelse for kritikk hos media er krevjande. Dei trykka ei retting. Så var det klart for å pynte juletre (Nyt Norge merket) i departementet sammen med Stavanger Aftenblad. Etterpå var det møte i nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket. Me må få ned ulykkestalla i landbruket!\n\nSå var det tid for litt hyggelege ting som å smake maten på stortinget sammen med Oskar Westerlin. Overraskende fin fyr å prate med. \n\nDet ble også ein tur innom på lunsj og laging av julepynt hos Norsk bonde og småbrukarlag. Min nisse ble finere enn den Sandra laga i fjor meinte dei. \n\nSå var det samling med regjeringslaget til SP der me hadde konkurranse om å presentere vår politikk på ein best mogleg og kreativ måte. Eg hadde nok lagt ned i overkant mykje innsats på å vinne dette. Men det ble 28 poeng av 30 mulige. Fattar framleis ikkje kvifor ikkje Marit Arnstad som var ein av dommarane berre ga 9 poeng. Alt dette medan me åt pizza. Det er for mykje mat i denne jobben.\n\nPå kvelden var det debatt i NRK Dagsnytt 18 om konkurranse i meierisektoren.\n\nFredag var det møte med Reindriftsstyret, statsråd og to saker til handsaming i stortinget. Så ein tur innom departementet for å heidre Hege som jobbar i statsrådseiniga og som vert pensjonist til jul. Hu vil bli sakna. Det er hu som passer på at eg til ei kvar tid er på rett plass til rett tid og med dei papira eg treng. \n\nDet var herleg å koma seg til Gardermoen og på flyet heim i femtida.\n\nGod helg folkens!

Postet:
2023-12-09 12:14:30

Delt innhold: