Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Noreg og Japan skal samarbeide tettare. Denne veka har statsminister @jonasgahrs og næringsminister @jcvestre vore i Japan, der dei blant anna møtte Japans statsminister Fumio Kushida og inngjekk ein strategisk partnarskap mellom dei to landa.\n\nPartnarskapen skal bidra til auka samarbeid på ein rekke områder, som tryggleikspolitikk og handel.\n\n- Japan er ei global stormakt, og deler mange av dei same verdiane som Noreg. Det er viktig i ei uroleg tid. Japan er også verdas tredje største økonomi og den japanske marknaden gir mange moglegheiter for norsk næringsliv. Det er viktig for verksemder og arbeidsplassar i heile landet vårt, seier statsminister Jonas Gahr Støre.\n\nJapan og Noreg blei også einige om å samarbeide tettare om det grøne skiftet.\n\n- Norsk næringsliv bidreg allereie til Japans grøne omstilling, men vi ønskjer at norske verksemder kan ta større marknadsdsandelar. Gjennom partnarskapen skal vi legge til rette for eit enda tettare samarbeid om det grøne skiftet, mellom anna innan i havvind, grøn transport, batterier og hydrogen, seier næringsminister Jan Christian Vestre.\n\n📷: \n1. Ryoko Tsuchiyama/SMK\n2. Ryoko Tsuchiyama/SMK\n3. Innovasjon Norge\n4. innovasjon Norge\n5. SMK\n6. Anne Kristin Hjukse/SMK

Postet:
2023-12-08 14:35:09