Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Kvart år skal ein internasjonalt kjend forfattar, dramatikar, litteraturforskar eller liknande bli invitert av @nasjonalbiblioteket og Fosse sjølv til å halde ei førelesning 📚🧑‍🏫📖\n\nDet skal òg delast ut eit Fosse-stipend til ein omsetjar som arbeider med å setja om norsk litteratur til andre språk. Regjeringa vil på denne måten medverka til å markera kor viktig forfattarskapen til Fosse er for Noreg og internasjonalt.\n\n– Det er aller fyrste gongen ein forfattar som skriv på nynorsk, vert æra på denne måten, og det er heile 95 år sidan førre gongen ein norsk forfattar vart tildelt nobelprisen i litteratur. Regjeringa vil heidra den eineståande internasjonale posisjonen Jon Fosse har oppnådd, seier kultur- og likestillingsminister @lubnaj.\n\nLes heile saka via lenkje i bio.\n\n📸: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket\n\n@norwegianliterature

Postet:
2023-12-07 09:49:29