Innlegg:
Her er mitt innlegg om statsbudsjettet 🌹\n\nSom liten var eg heilt ubrukeleg i idrett. Likevel fekk eg prøve meg i alt. Fotball, handball og turn. Eg gjekk på trynet og bomma på ballen, men eg kjende meg lykkeleg. For mange foreldre vart prisen for dyr.\n\nHugsa du lyden av skuleklokka? Den kunne både vere høglytt og etterlengta. Når klokka vart 2 på barneskulen var vi fleire som gledde oss. SFO var ein god plass å vere etter skulen.\n\nNår eg sleit med å finne fellesskapet mitt, så fann eg tryggleiken der. Det var ein sjanse til å få venner. Lite tenkte eg på alle dei som måtte gå heim åleine.\n\nSom vaksen har eg fått møte fleire foreldre i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn som bryr seg om. Her er nokre ord som eg fekk høgre av ein far og bedriftseigar i stortingsvalkampen.\n\n«Med tanke på den gode inntekta eg har, såg tener eg mest på å stemme fram eit blått parti. Her er grunnen til at eg likevel vil stemme på deg og Arbeidarpartiet»\n\n«Her er saka Torbjørn: Sonen vår deltek i både fotballtrening og i SFO-tilbodet. Det har vi råd til, og guten vår glede av, men det er ikkje så kjekt når venner blir tvungen til å reise heim igjen på grunn av familieøkonomien. Derfor kjem eg til å gi mi stemme for ein rimelegare barnehage og gratis SFO.»\n\nNo halvera vi barnehageprisen i alle kommunar i Sogn og Fjordane-regionen.\n\nFor kvart statsbudsjett vi legg fram no blir SFO-en gratis for stadig fleire. For meg har det blitt ei hjertesak. Når vi får ned prisen, så er det fleire born og unge som får vere med.\n\nI mars skal eg bli pappa for første gong. Til ei lita jente. Og herregud så stolt eg er. Ja eg har til og med lært meg å lage flette.\n\nNår ho ein dag skal byrje i SFO og i fritidstilboda, så håper eg at ingen venner skal måtte oppleve å bli sendt heim åleine på grunn av familieøkonomien.\n\nHer skal vi levere. For meg er dette personleg.
Postet:
2023-12-04 22:31:06
Delt innhold: