Innlegg:
Eg fekk ein perfekt start på veka då eg besøkte Oslo Mikrospinneri i Bærum, rett utanfor grensene til Oslo by.\n \nGründer og dagleg leiar Pernille Volent var så entusiastisk over å «gjera ull til gull», som ho sa. \n\nHo fortalte om korleis dei produserer garnet med å utføre alle ledd i prosessen sjølve. Også vaskinga, sjølv om det meste av norsk ull faktisk blir vaska i England.\n \nSærleg artig var det at ho er så glad i den norske sauen og at ho vil at spinneriet skal vera eit vindauge for byfolket til landbruket vårt. Spinneriet har open dag ein gong i månaden nettopp for å vise fram kor stor ein ressurs saueulla er.\n \nMikrospinneriet driv innovasjon med produksjonsmåtar og trådblanding for å oppnå dei finaste kvalitetane til klede. \n\nDei er eitt av få spinneri som no kjemmar tråden for nettopp å få den finare. Dei vil også finne på nye produkt for å auke bruken av den grovaste ulla, den som ikkje er eigna til klede.
Postet:
2023-12-04 17:14:08