Innlegg:
Budsjettgjennomslag for grøn industri!\n\nRogaland og Noreg har verdas grønaste metallindustri. Men dei høge straumprisane, som særleg rammar regionen vår, kan riva grunnen under arbeidsplassar og eksportinntekter. \n\nPå toppen av dette ville regjeringa svekka CO2-kompensasjonen, og la industrien betala endå meir for CO2-utslepp dei ikkje har! For CO2-kompensasjonen skal motverka ulempene ved å vera knytt til EU sin kvotemarknad. Svekkar me kompensasjonen, vil resultatet bli at industrien blir flytta til land som har høgare utslepp frå produksjonen. \n\nDerfor forhandla SV inn i statsbudsjettet at regjeringa i samarbeid med industrien skal finna ei føreseieleg løysing som også bidrar til utsleppsreduksjon og energieffektivisering, og me har styrka ordninga med 500 millionar kroner. \n\nKampen for kontroll på straumprisane held fram. I dag er eit viktig steg på vegen for å sikra at me framleis skal ha grøn industri og høgproduktive arbeidsplassar i Rogaland, som her på aluminiumsverket på Karmøy.
Postet:
2023-12-03 10:54:52
Delt innhold: