Innlegg:
Christian Rieber: 98 år og brennande engasjert i framtida!\n\nNyleg fekk eg ein hyggeleg e-post om næringspolitikk og kor viktig små og mellomstore bedrifter er for heile landet, signert Christian Rieber i Bergen. I går var eg så heldig å få besøke Christian på hans kontor, saman med Venstres Commanderess in Chief i Bergen, Ingrid Fjeldstad.\n\nOg for eit inspirerande besøk! Christian på 98 år tok imot oss ved inngangen til Rieber-konsernet sitt hovedkontor i Solheimsviken i Bergen, og småsprang opp trappene så vi måtte skjerpe oss for å halde følge. Etter snart 80 år i yrkeslivet er han enno i full sving på jobb kvar dag, engasjert i stort og smått - i frivillig arbeid på Byfjellene, i å hjelpe Ukraina, i styrearbeid i GC Rieber Fondene og mykje anna.\n\nOg med klare meiningar om politikk og kva rolle Venstre no bør ta i å «slå alarm» om framtida til mangfaldet av norsk næringsliv og berekraften til velferdsstaten. At vi no må prioritere meir ressursar til å hjelpe dei som verkeleg slit, framfor å «smøre alt tynt utover». Og at det no hastar med å få rydda opp i ein skattepolitikk som jagar eigarskap ut av landet – slik at vi sørger for eit mangfald av små og mellomstore bedrifter med lokalt eigarskap i heile landet, der dei som eig bedrifta og dei som jobbar i bedrifta «ser kvarandre i augene» og jobbar i lag mot same mål om å skape gode liv og gode lokalsamfunn.\n\nIngrid og eg gjekk ganske «starstruck» derifrå på slutten av møtet – og lovde så godt vi kunne at vi og Venstre skal ta utfordringa han ga oss. Og ikkje minst: Eit minne for livet å få møte heidersmannen Christian – som også er ekstra glad i Ingrid fordi ho som byråd i Bergen skar gjennom og fekk på plass minnesmerket over norske krigsseglarar i Solheimsviken som Christian lenge har engasjert seg for, saman med andre som enno hugsar 2. verdskrigen og veit kor dårleg krigsseglarane vart behandla på i tiåra etter.\n\nSom ein «ungfole» på 50 er det godt å vite at det er mulig å ha mange gode år igjen enno – og ha førebilete som 98 år gamle Christian til inspirasjon. Bergen hadde i alle fall ikkje vore same byen utan folk som han, og alt Rieber-gruppen og GC Rieber Fondene har betydd!
Postet:
2023-12-02 13:23:40