Innlegg:
Verdas leiarar deltek på klimatoppmøtet i Dubai. Målet med møtet er å redusere dei globale utsleppa og få fart på energiomstillinga i verda.\n \n– No opplever vi det varmaste året nokon gong, og vi ser tydeleg effektane av klimaendringane. Det gjer inntrykk og er ei kraftig påminning om at dette er den store saka i vår tid. Og det er vårt ansvar å gjere noko med det, seier statsminister @jonasgahrs, som deltek frå Noreg saman med blant andre utanriksminister Espen Barth Eide og klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.\n \nStatsministeren seier at Noreg har fire prioriterte tema i forhandlingane:\n1. Auka satsing på fornybar energi\n2. Bevaring av regnskog\n3. Meir miljøvennleg skipsfart\n4. Auka ambisjonar om utsleppskutt\n\nFoto: @espenbartheide
Postet:
2023-12-01 16:04:36