Innlegg:
Atomvåpentrusselen rykker stadig nærmare. \n\nAtomvåpna er ein trussel frå eit fåtal statar mot oss alle. Sjølve eksistensen av desse våpna undergrev internasjonal rett og ekte sikkerheit. Den som kontrollerer atomvåpen, kan også utøva vald og tvang på andre måtar. Skulle våpna bli brukt, finst det ingen stader å gøyma seg.\n\nFN-traktaten om forbod mot atomvåpen er ein veg ut av denne uhaldbare situasjonen. Forbodet har eksistert i snart tre år, og denne veka møttest statar, sivilsamfunn og parlamentarikarar frå heile verda i New York for å styrka arbeidet for ei verd utan atomvåpen. \n\nEg var der, som einaste norske stortingsrepresentant, for å markera at Noreg må ta eit steg fram. Det er pinleg at Noreg ikkje har slutta seg til forbodet, på tvers av viljen til eit stort fleirtal i folket. \n\nI ei tid der stormaktsrivaliseringa, blokkdelinga og spenninga aukar, er det viktigare enn nokon gong at Noreg tar standpunkt mot den sterkaste sin rett.\n\n📷: ICAN | Darren Ornitz
Postet:
2023-11-30 19:09:46
Delt innhold: