Innlegg:
Visste du at du kan bestille gratis kondomar frå Helsedirektoratet (gratiskondomer.no)?\n \nI det siste har etterspurnaden vore så stor at dei måtte innføre avgrensingar.\n \nEi stor auke av kjønnssjukdomen gonoré har ført til den store etterspurnaden. Og det, saman med prisstigingar, gjer at det trengs fleire pengar for å halde på dagens løysing.\n \nDerfor føreslår regjeringa å styrke ordninga med fire millionar kroner i 2023.\n \nDen store auka i gonorétilfelle er i hovudsak knytt til heteroseksuelle. Det pågåande utbrotet gjeld flest unge, som også er hovudmålgruppa for ordninga med gratis kondomar.\n \nHelse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol har ei klar oppfordring:\n \n– No har vi sikra tilbodet om gratis kondomar. Så kjære ungdom: Bruk kondom!\n \nLenke i bio.\n \n📷 Colourbox
Postet:
2023-11-27 16:58:34