Innlegg:
Det umenneskelege og grusomme skjedde her i våre gater, i vår by, for ikkje lenge sidan. Vi må ikkje tru at dette ikkje lenger angår oss. I kveld gikk eg i fakkeltoget for å minnast jødar som blei henta i husa sine på Møhlenpris denne novemberdagen for 81 år sidan. Å bekjempe antisemittisme, fordommar og rasisme er ikkje den jødiske minoriteten sitt ansvar. Det er vårt ansvar, vårt felles ansvar.
Postet:
2023-11-26 21:44:45