Person / Aktør:
Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet

Innlegg:
I dag, 26. november, er det 81 år sidan Selma Victoria Nathan vart arrestert av norske polititenestemenn i sin heim i Oslo. Selma vaks opp i København og var utdanna sjukepleiar. Ho var gift med den norsk-jødiske advokaten Einar Nathan, saman hadde dei to søner. \n\nPå denne mørke dagen i 1942 vart 529 jødar deportert med transportskipet Donau frå Noreg. Selma var ein av mange som aldri kom heimatt. I alt vart 773 jødar deportert frå Noreg under andre verdskrig, dei fleste direkte til Auschwitz. Berre 38 av dei overlevde. \n\nFleire stadar i Noreg finn du snublesteinar til minne om jødane som blei deportert frå landet. I Oslo er ein snublestein sett ned til minne om Selma. I dag minnast vi jødane som vart ofre for nazistane sin utrydningspolitikk. Vi må fortsette arbeidet med å nedkjempe antisemittisme og hatefulle ytringar. Ein ny handlingsplan mot antisemittisme skal styrke vårt arbeid med å redusere fordommane mot jødiske nordmenn, og bidra til å gi dei meir tryggleik i kvardagen.\n\nFoto:DSS/Jødisk museum

Postet:
2023-11-26 20:24:19

Delt innhold:
Photos from Kommunal- og distriktsdepartementet's post