Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
EKSTRA PENGAR TIL KULTUR, IDRETT OG FRIVILLIGHEIT:\n\n– No er det fleire familiar enn før som slit med å betale deltakaravgift og utstyr. Over heile landet tilbyr kulturen og idretten verdifulle fellesskap. Vi vil at flest mogleg skal kunne oppleve både meistring og tilhøyregheit. Difor bidreg vi no ekstra på denne måten, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.\n\n🔹Regjeringa vil at fleire barn og unge skal kunne delta i kultur og idrett og set av 133 millionar kroner ekstra til arbeidet.\nDet skjer i samband med nysalderinga av budsjettet.\n\n🔹I tillegg får frivilligheita 430 millionar kroner meir til den viktige ordninga momskompensasjon, som er ei ubyråkratisk ordning som gjer at organisasjonane kan bruke tid på aktivitet framfor administrasjon. Det gir full kompensasjon og potten er no på rekordhøge 2 498 millionar kroner. \n\n📸: Unsplash

Postet:
2023-11-25 08:36:39