Innlegg:
Vi lever i ei uroleg verd med eit stadig meir krevjande og samansett trusselbilde.\n \nFørebygging og beredskap må bli enda viktigare i helsetenesta vår.\n \nVi er også avhengige av internasjonalt samarbeid for å løyse ei rekke helsekriser.\n \nNo har regjeringa lagt fram ei melding til Stortinget, der dei gir politisk og strategisk retning for norsk helseberedskap.\n \nDette er Noregs første stortingsmelding om helseberedskap.\n \n– Vår aller største ressurs i helseberedskapsarbeidet er dei over 430 000 fagfolka som jobbar i vår felles helseteneste. Vi har ei av verdas beste og mest velfungerande helsetenester med fagfolk i verdsklasse. Det her er fundamentet for vår tryggleik. Det er det også i kriser,seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n \nI denne meldinga identifiserer regjeringa 6 risikoområde som krev særskild merksemd i åra som kjem:\n \n📌 Samansette truslar og krig\n📌 Digital sikkerheit\n📌 Forsyningssikkerheit\n📌 Pandemiar og smittsame sjukdommar\n📌 Trygg vatnforsyning\n📌 Atomberedskapen\n \n– Denne meldinga handlar om korleis vi skal stå best mogleg rusta til å møte framtidige kriser, seier Kjerkol. \n \n👉🏽 Lenke i bio\n \n📷 Helse Bergen HF
Postet:
2023-11-24 12:10:18