Innlegg:
«Dette lys er ikke solen, men en brann\nDisse skyer er av røyk og ikke vann\nDenne grunn er bare aske, ikke jord\nDenne sang er bare handling, ikke ord.»\n\nI år er det 80 år sidan opprøret i Warszawa-gettoen, der jødane var stua saman og stengt inne. Opprøret vart brutalt slått ned. \n\nPolen har ei særstilling i nazistane sitt folkemord på jødane før og under andre verdskrig: Halvparten av dei 6 millionar jødar som vart drepne, kom frå Polen. \n\nNazistane sto for planlegginga, men i mange europeiske land fekk dei handfast hjelp til gjennomføringa av nasjonale styresmakter. Folkemordet hadde heller ikkje vore mogleg utan ein lang tradisjon for jødehets og at mange innbyggarar såg ein annan veg.\n\nJødane er ein utsett minoritet også i dag, også i Noreg. Det må me aldri gløyma. \n\nOpprøret i 1943 vart slått ned, men ikkje livskrafta og kulturen til dei jødiske samfunna. Rett etter krigen vart dette minnesmerket reist, i staden for eit planlagt sigersmonument for Hitler. Like ved står no det jødiske museet. \n\nMinnesmerket og museet minner oss både om dei ufattelege ofra og dei modige menneska som sto opp mot terroren. \n\nDei som ikkje såg ein annan veg. Dei viste for oss at me alle har eit val - både i ord og handling.
Postet:
2023-11-22 20:53:06
Delt innhold: