Innlegg:
Her er yndlingselvestrekninga mi inne i Søyådalen (i Surnadal), ein stad eg berre må stoppe når eg er på veg innover dalen. \n\nHøgfossen og Kjerringskravet er begge nevneverdige namn. Det første fordi det ikkje er nokon høg foss der, men meir eit kraftfullt stryk.\n\nSistnemnte namn kjem av at til og med ei kjerring skal kunne skrava over elva der den går inn i ei smal renne når det er lite vatn i elva. (Sjå det tiande og siste biletet.)\n\nRennende vatn i naturen er og blir noko ekstra. For meg er elva Søyåa noko heilt spesielt. Eg vaks opp lenger ute i det same dalføret og oppsøkte ofte elva og skogane som lita og som ungdom.
Postet:
2023-11-20 21:07:17