Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Fleire blir evakuerte frå Gaza og kjem til Noreg dei neste dagane. Norske myndigheiter og kommunar er godt førebudde på å ta imot dei.\n \n– Mange vil ha behov for hjelp, støtte og omsorg når dei kjem til Noreg, og i tida framover. Når vi tek dei imot må vi ta høgde for at det kan vere skadde eller personar som er svekka som følge av dårleg tilgang til mat, reint vatn eller medisinar, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n \nHelsedirektoratet har sendt ut informasjon til statsforvaltarane og oppfordrar kommunane til å vere særleg merksame på psykososial beredskap.\n \n– Vi jobbar godt på tvers av departement, etatar og kommunar. Vi er klare for å bistå norske borgarar og andre med tilknytting til Noreg som no kjem hit frå Gaza, seier helse- og omsorgsministeren.\n \nDei kommunale tenestene er godt førebudde og både grensekontroll, NAV og helsetenester vil vere involverte.\n \n– Det krev innsats av oss alle å ta imot medmenneske som har opplevd krig og alvorlege hendingar. Psykososial oppfølging handlar ikkje berre om helsetenester. Vi må inkludere dei som no kjem hit i lokalmiljøet og ta dei med i fritidsaktivitetar og andre arenaer for fellesskap, seier Kjerkol.\n \n👉Lenke i bio\n\nDette kommentarfeltet er nå stengt. Vi oppfordrer alle til å holde en saklig tone og unngå personangrep. \n\nHar du en sak du ønsker at departementene eller SMK skal behandle, ber vi om at du retter henvendelser til det enkelte fagdepartement. E-postadressene til postmottaket i det enkelte departement finner du på www.regjeringen.no.

Postet:
2023-11-17 16:46:25